Sørøya i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørøya
Lokalt namn: Sállan
Geografi
Norway - Sørøya, Finnmark.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°35′N 22°44′EKoordinatar: 70°35′N 22°44′E
Areal 811,4 km²
Høgaste punkt Komagaksla (659 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Finnmark
Største busetnad Hasvik (391 innbyggjarar per 1. januar 2015 innb.)

Sørøya (nordsamisk Sállan), ofte kalla den grøne øya i nord, er ei stor øy i Vest-Finnmark. Ho er den fjerde største øya i Noreg etter areal og er delt mellom kommunane Hasvik og Hammerfest. Arealet er på 811,4 km².

Tettbygde stader:

  • Hasvik, der det er flyplass med to daglege avgangar om dagen på kvardagar, og der ferja til Øksfjord og hurtigbåten til Hammerfest legg til. I Hasvik finn ein eit hotell, ein kiosk, og ein matvarebutikk. Hasvik er største tettstaden på øya, med 391 innbyggjarar per 1. januar 2015.
  • Breivikbotn, som er administrasjonssenter i Hasvik kommune. Breivikbotn har bibliotek, fiskeindustri, pub og hytteutleige, samt butikk og den einaste banken på øya. Tettstaden Breivikbotn har 319 innbyggjarar per 1. januar 2015 og ligg om lag 1,5 mil frå Hasvik.
  • Sørvær har i underkant av 200 innbyggjarar og ligg ytst ut i havgapet. Staden er bygd på fleire holmar og skjer. Sørvær ligg om lag 2 mil frå Breivikbotn. Det går rutebuss til Sørvær nokre gonger i veka.

Kvart år i juli vert det arrangert ein havfiskefestival på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]