Øystein Wormdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Wormdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1951 (71 år)
Idrett fotball

Øystein Wormdal (fødd 8. september 1951) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Orkdal, kjend for sine 14 sesongar i Rosenborg BK. Høgrebacken spelte fem landskampar for Noreg i 1974 og 1979.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Wormdal spelte i yngre år på Orkdal IL. Men då laget hausten 1970 rykte ned i fjerde-divisjon, melde han seg inn i Rosenborg BK i Trondheim. Frå september 1971 til august 1984 spelte han 201 seriekampar for Rosenborg, 17 av dei 2. divisjon. Han skåra eitt einaste seriemål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Wormdal spelte fem landskampar på backplass for Noreg, tre av dei i 1974 og to hausten 1979. Dei to sistnemnde kampane gjaldt kvalifisering til Sommar-OL 1980 i Moskva, og Noreg vann begge oppgjera mot Vest-Tyskland sitt amatørlandslag, 2-0 heime og 1-0 borte. Våren 1980 nekta Norges Idrettsforbund å delta i sommarleikane, grunngjeve med at arrangørlandet hadde invadert Afghanistan.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupfinale-tap: 1972
  • Sølv i seriemeisterskapen: 1973

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.