Đurđevića Tara-brua
![]() | |
Type | Vegbru |
---|---|
Stad | Nær Žabljak i Montenegro |
Opna | 1940 |
Strekning | R-4 |
Lengd | 365 meter |
Fri høgd | 170 m |
Største spenn | 116 m |
Kryssar | Tara |
Materiale | betong |
Utforming | Bogebru |
Transporterer | Bilar, fotgjengarar |
![]() Đurđevića Tara-brua |
Đurđevića Tara-brua er ei bogebru over elva Tara nord i Montenegro. Ho ligg ved vegkrysset mellom Mojkovac, Žabljak og Pljevlja, og mellom landsbyane Budečevica og Trešnjica.
Brua vart bygd mellom 1937 og 1940, teikna av Mijat Trojanović. Då ho var ferdig var ho den største bogebrua i betong for bilar i Europa.
Brua er 365 meter lang og har fem bogar, den største bogen har eit spenn på 116 m. Distansen frå vegen og ned til elva er 172 meter.
I 1942, kort tid etter brua stod ferdig, kom italienske styrkar og ei gruppe tsjetnikarar (serbiske rojalistrørsle som samarbeidde med nazistane under den andre verdskrigen) til området. For å hindre framgangen deira måtte partisanarane som hadde bygd brua sprenge ho. Ein av bruingeniørane, Lazar Jaukovic, sprenge den sentrale bogen i lufta og blokkerte vidare framrykking for italienarane og tsjetnikarane. Dette var ei heroisk handling som kosta Jaukovic livet. Han vart fanga av italienarane og avretta på brua han hadde bygd.
I 1946 vart brua reparert og er sjølv i dag det viktigaste kryssingspunktet over Tarakløfta.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Đurđevića Tara Bridge» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.