Hopp til innhald

Świętochłowice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Świętochłowice
Horisonten til Świętochłowice
Horisonten til Świętochłowice
Flagget til Świętochłowice Byvåpenet til Świętochłowice
Flagg Byvåpen
Land
Voivodskap
Polen
Schlesiske (Śląskie)
Flatevidd 13,31 km²
Innbyggjarar
  By (31. mars 2021; 2023)

46 494,[1] 45 644
Høgd 314 m
Tidssone
  Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Nettstad: https://www.swietochlowice.pl/
Nettstad: www.swietochlowice.pl

Świętochłowice Høyr Høyr, tysk Schwientochlowitz, er ein by som ligg sør i Polen. Byen har 50 600 innbyggjarar (2016), og han har den største folketettleiken i landet med om lag 4 200 innbyggjarar per km². Świętochłowice ligg ved elva Rawa i Schlesiske voivodskap.

Kart over Swietochlowice frå 1817.

Świętochłowice er nemnd første gongen i 1313. Byen fekk Magdeburg-rettar i løpet av overgangen mellom 1200- og 1300-talet. Staden var ganske ubetydeleg fram til industrialiseringa i Øvre Schlesien tok til på slutten av 1700-talet. I 1920 avstod Tyskland byen til Polen, sjølv om den lokale folkeavstemminga hadde gjeve eit fleirtal på 51,9 % for å bli verande i Tyskland. I 1939 blei byen reannektert av Tyskland og i 1945 igjen av Polen.

Under andre verdskrigen dreiv tyskarane konsentrasjonsleiren KZ Eintrachthütte i Świętochłowice. I 1945 blei han omgjort til arbeidsleiren Zgoda for tyske sivile og polske antikommunistar. Leiren stengde i 1945.

I 2004 opna Det schlesiske kultursenteret (Centrum Kultury Śląskiej) i byen.

  • Centrum
  • Zgoda
  • Chropaczów
  • Lipiny
  • Piaśniki

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]