Şanlıurfa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Şanlıurfa
by
Moskeen bygd på staden der ein trur profeten Abraham vart fødd.
Land  Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Şanlıurfa
Høgd 518 moh.
Koordinatar 37°09′N 38°48′E
Areal 3 668,76 km²
Folketal 498 111 [1]
Borgarmeister Ahmet Eşref Fakıbaba
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 63x xx
Retningsnummer 0414
Kart
Şanlıurfa
37°9′30″ N 38°47′30″ E
Wikimedia Commons: Şanlıurfa
Nettstad: http://www.sanliurfa.bel.tr/

Şanlıurfa, ofte berre kalla Urfa til dagleg (kurdisk Riha, arabisk الرها al-Ruhā, gammalsyrisk ܐܘܪܗ Urhoy, armensk Ուռհա Owr'ha), i antikken Edessa, er ein by søraust i Tyrkia med kring ein halv million innbyggjarar. Han er administrasjonsstad for provinsen Şanlıurfa. Han er ein by med hovudsakleg arabisk, kurdisk og turkmensk folkesetnad. Urfa ligg på ei stor, open slette, kring 80 km aust for elva Eufrat.

Byen er eit vegknutepunkt og eit handelssenter i eit fruktbart jordbruksdistrikt. Urfa har ruiner av Edessa frå oldtida, som 137 f.Kr.–216 e.Kr. var hovudstad i kongeriket Osroene og som seinare vart eit senter for dei syriske kristne. I 1097–1144 var byen hovudstad i eit krossfararrike. Byen vart tyrkisk i 1637. I 1895 vart det gjennomført fleire store massakrar mot kristne armenarar i Urfa.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Şanlıurfa har eit halvtørt klima. Şanlıurfa er sær varm om sommaren. Temperaturane på høgda når vanlegvis opp mot 41,5 °C. Det er nesten heilt tørt om sommaren, medan vintrane er kjølige og våte. Våren og hausten er mild og våt.

Vêrdata for Şanlıurfa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 10,1 11,9 16,7 22,3 28,8 34,8 38,8 38,3 33,9 27 18,4 11,9 24,4
Gjennomsnittleg min °C 2,3 3 6,3 10,7 15,8 21 24,5 24 20,2 15 8,3 4 12,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 73 69,1 65 47 25,4 4,5 2,7 4,6 5,4 25,6 47 72,9 442,2
Gns. luftfukt (%) 74 72 61 51 43 27 22 24 28 43 57 72 48
Gns. solskinstimar i månaden 127,1 137,2 195,3 228 310 363 378,2 350,3 300 238,7 174 124 2 925,8
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]Weatherbase[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]