Šolta
| Šolta | |||
| øy | |||
Landsbyen Stomorska på Šolta | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Split-Dalmatia | ||
| Stad | Adriahavet | ||
| Høgaste punkt | Vela Straža | ||
| • høgd | 238 moh. | ||
| Areal | 58,98 km² | ||
| Folketal | 1 975 | ||
![]() Šolta 43°23′01″N 16°17′24″E / 43.383611111111°N 16.29°E | |||
| Wikimedia Commons: Šolta | |||
Šolta er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik Veliki og Drvenik Mali.[1] Ho har eit areal på 58,98 km².[2] Administrativt er heile øya ein kommune med same namn i fylket Split-Dalmatia.[3][4]
Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža,[5] som er 238 meter høg.[2] På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.

Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme.[1][5] Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen,[5] som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.[1]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
| Folketal 2001[6] | Folketal 2011[7] | Folketal 2021[8] | |
|---|---|---|---|
| Šolta kommune | 1 479 | 1 700 | 1 975 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Šolta
- Gornje Selo
- Maslinica
- Nečujam
- Bunja Nečujam
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Šolta på Kroatien-online.com, arkivert frå originalen 2006-08-20, henta 2007-03-14
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Offisiell omsetjing - ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
{{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in:|publikasjon=(hjelp) - 1 2 3 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982)
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
{{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in:|publikasjon=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- solta.hr Arkivert 2009-04-19 ved Wayback Machine.
