Øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Martins, ei av Scilly-øyane.
Foto: Tom Corser

Ei øy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eit kontinent. Mindre øyar vert kalla holmar medan steinar som så vidt stikk opp av havet vert kalla skjer. Etter dei sameinte nasjonane sin definisjon, skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad reknast som øyar.[1]

Medan ein tidlegare berre kunne nå øyar med båt, har mange no samband med fastlandet gjennom bruer og undersjøiske tunnelar. I tillegg kan ein òg nå dei luftvegen. Det finst likevel framleis mange ferjesamband mellom øyar og fastlandet.

Det finst fleire øynasjonar i verda, til dømes Island, Færøyane og Storbritannia. Indonesia er den mest folkerike øynasjonen, og her ligg òg den øya det bur mest folk på i verda, Java.

Grønland vert som regel rekna som den største øya i verda, ettersom Australia er ein eigen verdsdel.

Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømes Litauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin.

Typar av øyar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gruppere øyar i to hovudgrupper: kontinentale og oseaniske.[2]

Kontinentale øyar[endre | endre wikiteksten]

Kontinentale øyar er land over havoverflata som ligg på kontinentalsokkelen på eit kontinent.[2] Døme er Borneo, Java, Sumatra, Sakhalin, Taiwan og Hainan utanfor Asia; Ny-Guinea, Tasmania og Kenguruøya utanfor Australia; Storbritannia, Irland og Sicilia utanfor Europa; Grønland, Newfoundland, Long Island og Sable Island utanfor Nord-Amerika; og Barbados, Falklandsøyane og Trinidad utanfor Sør-Amerika.

Ei spesiell type kontinentale øy er den mikrokontinentale øya, som blir skapt når eit kontinent blir rifta. Døme er Madagaskar og Sokotra utanfor Afrika, Ny-Caledonia, New Zealand og nokon av Seychellane.

Ein annan undertype er ei øy eller banke danna ved avsetning av ørsmå bergfragment der vasstraumen over lang tid mistar noko av bæreevna. Dette inkluderer:

  • barriereøyar, som er samlingar av sand avsett av sjøstraumar på kontinentalsoklane, til dømes Dei frisiske øyane langs kysten av Nederland og Tyskland.
  • fluviale eller alluviale øyar danna i elvedeltaer eller midtstraums i store elver. Medan nokon er forbigåande og kan forsvinne viss volumet eller farten på straumen blir endra, er andre stabile og har lang levetid.

Oseaniske øyar[endre | endre wikiteksten]

Oseaniske øyar er øyar som har komme opp utanfor kontinentalsoklane. Dei aller fleste har vulkansk opphav, til dømes St. Helena i Sør-Atlanterhavet. Dei få oseaniske øyane som ikkje er vulkanske, har tektonisk opphav og oppstår der platerørsler har løfta havbotnen over overflata. Døme er St. Peter og St. Paul-øyane i Atlanterhavet og Macquarieøya i Stillehavet.

Ein type vulkansk oseanisk øy finst i ein vulkansk øyboge. Desse øyane stammar frå vulkanar der det finst subduksjon av ei jordplate under ei anna. Døme er Aleutane, Marianane og det meste av Tonga i Stillehavet. Dei einaste døma i Atlanterhavet er nokon av Dei små antillane og Sør-Sandwichøyane.

Ein annan type vulkansk oseanisk øy finst der ei oseanisk rift når overflata. Det er to døme: Island, som er verdas nest største vulkanøy, og Jan Mayen. Begge ligg i Nord-Atlanterhavet.

Ein tredje type vulkansk oseanisk øy blir danna over vulkanske søylestraumar eller «varmeflekker».[3] Ein søylestraum er meir eller mindre stasjonær i forhold til den tektoniske plata i rørsle over ho, så ei kjede med øyar blir resultatet når plata driv. Over lange periodar blir denne typen øyar til slutt «drukna» ved isostatisk justering og erodert, og endar opp som eit undervassfjell. Platerørsle over ein søylestraum produserer ei linje med øyar orientert i retning av platerørsla. Eit døme er Hawaii-øyane, frå Hawaii til Kureatollen, som held fram under havoverflata i ei meir nordleg retning som Emperor-undervassfjella. Ei anna kjede med liknande orientering er Tuamotu; den eldre, nordlege forgreininga er Lineøyane. Den sørlegaste kjeda er Australøyane, med atollane i den nordlege forgreininga i øystaten Tuvalu. Tristan da Cunha er eit døme på ein søylestraumvulkan i Atlanterhavet. Ein annan søylestraum ved Island er øya Surtsey, som vart danna i 1963.

Andre typar av øyar[endre | endre wikiteksten]

Koralløyar er bygd opp av korallar over vulkanmassiv som i seg sjølve ikkje nådde over havoverflata. Døme danna frå korallrev inkluderer Maldivane, Tonga, Samoa, Nauru og Polynesia.

Ein atoll er ei øy danna frå eit korallrev som har vakse på ei erodert og nedsenka vulkansk øy. Revet stig til overflata av vatnet og dannar ei ny øy. Atollar er typisk ringforma med ein sentral lagune. Døme er Linjeøyane i Stillehavet og Maldivane i Indiahavet.

Koralløyar og atollar kan ligge på eller utanfor kontinentalsokkelen.

Granittøyar[4] er øyar som korkje er koralløy eller vulkansk, oseanisk øy. Eit døme er somme av øyane i øygruppa Seychellane.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «REGIME OF ISLANDS». United Nations Convention on the Law of the Sea - Part VIII. un.org. 
  2. 2,0 2,1 «Island». Encyclopaedia Britannica. Henta 10. mai 2020. 
  3. «øy» (1. juni 2016) av Inge Bryhni og Haakon Fossen i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. mai 2020.
  4. «Landet tiden glemte». NRK Vitenskap. Henta 10. mai 2020. 
  5. «Island». National Geographic nettside. Henta 10. mai 2020.