Šušvė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šušvė
elv
Land  Litauen
Nedslagsfelt 1 165 km²
Lengd 135 km
Middelvassføring 6,22 /s
Kjelde 6 km søraust for Tytuvėnai
Munning Nevėžis
Kart
Šušvė
55°34′16″N 23°16′31″E / 55.571154°N 23.275193°E / 55.571154; 23.275193
Wikimedia Commons: Šušvė

Šušvė er ei elv sentralt i Litauen med ei lengd på 131 km. Elva spring ut frå Kelmė kommune, 6 km søraust for Tytuvėnai, og renn gjennom myrene Tytuvėnai og Sulinkiai og sørover gjennom Radviliškis kommune. Til slutt passerer Šušvė gjennom Kėdainiai kommune og renn gjennom Nevėžis nær landsbyen Graužiai. Breidda på elvedalen er mellom 500 m og 3 km. Frå desember til mars er vanlegvis Šušvė islagt. Det er bygd demningar i elva ved Vaitiekūnai og Angiriai. Šušvė hydrologiske reservat vart oppretta i 1992 for å verne dei nedre delane av elva.

Dei største sideelvane er Beržė, Žiedupė, Srautas, Sarva, Gomerta, Žadikė, Ažytė, Liedas, Vikšrupis og Putnupys. Dei største byane og landsbyane langs Šušvė er Šiaulėnai, Pašušvys (Radviliškis kommune), Grinkiškis, Vaitiekūnai, Pašušvys (Kėdainiai kommune), Angiriai og Josvainiai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]