120-dagarsvinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

120-dagars vinden (farsi باد صد و بیست روزه) er ein kraftig sommarvind som bles frå seint i mai til seint i september aust og søraust på Det iranske platået.[1] Han vert kalla 120-dagarsvinden fordi han bles kontinuerleg i fire månadar.[2] Den vanlege vindstyrken er 8-11 m/s (frisk bris), men kan ein sjeldan gong nå 27-30 m/s (sterk storm).[1] Vindretninga er forholdsvis konstant.[3] 120-dagarsvinden er ein av to kjende vindsystem i Iran. Den andre er sjamal.[4]

Vinden spring ut frå dei sentrale ørkenane i Iran og bles mot Sistan og Balutsjistan. Han er varm og fører med seg slipande sand og partiklar.[5] Denne vinden i samband med høge temperaturar fører til intens fordamping av vatn i Sistan.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]