Sistan og Balutsjistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sistan og Balutsjistan
استان سیستان و بلوچستان
Provins
Sab fort.jpg
Ghaleh Sab i Saravan.
Land Flag of Iran.svg Iran
Fylke 19
Hovudstad Zahedan
Areal 181 785 km²
Folketal 2 775 014 (2016) [1]
Folketettleik 15 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Språk balutsji, persisk

Sistan og Balutsjistan
29°29′33″ N 60°52′1″ E
Wikimedia Commons: Sistan and Baluchestan Province

Sistan og Balutsjistan (persisk استان سيستان و بلوچستان, Ostān-e Sīstān-o Balūchestān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg søraust i landet, ved grensa til Pakistan og Afghanistan. Provinshovudstaden er Zahedan.

Provinsen er den neste største provinsen Iran etter Kerman-provinsen[2], med eit areal på 181 785 km² og eit folketal på 2,5 millionar.[3] Somme av fylka i provinsen er Chabahar, Qasar-qand, Dalgan, Hirmand, Iranshahr, Khash, Konarak, Nikshahr, Saravan, Sarbaz, Soran, Zabol, Zaboli, Zahedan og Zehak.

Folkesetnaden består av balotsj-folk, som utgjev majoriteten, etterfølgd av ein minoritet av sistanske persarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen består av to område, Sistan i nord og Balutsjistan i sør. I lag utgjer Sistan og Balutsjistan eit av dei tørraste områda i Iran, med litt aukande nedbør frå aust til vest, og høgare luftfukt i kystområda. Provinsen er påverka av rådande vindar til forskjellige tider av året. Ein av desse er 120-dagarsvinden i Sistan.

Gahleh Naseri i Iranshahr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]