16. SPETSNAZ-brigade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til 16. SPETSNAZ-brigade

16. SPETSNAZ-brigade (russisk 16-я отдельная бригада специального назначения, forkorta 16-я обрспн, 16. brspn) er ein brigade i det russiske forsvaret. Han vart etablert i Sovjetunionen i 1952 og var i 2017 ein SPETSNAZ-brigade i dei væpna styrkane i Vestre militærdistrikt i Russland.[1]

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Frå 2010 var brigaden samansett med desse elementa:

  • spesialsambandsgruppe i Tambov
  • materialteknisk forsyningskompani i Tambov

Stridserfaring[endre | endre wikiteksten]

Borgarkrigen i Tadsjikistan[endre | endre wikiteksten]

Under borgarkrigen støtta brigaden den russiske 201. motoriserte infanteridivisjonen forlagt til Tadsjikistan.

Borgarkrigane i Tsjetsjenia[endre | endre wikiteksten]

Under dei to borgarkrigane støtta brigaden dei russiske avdelingane i Tsjetsjenia.

Den russisk-georgiske krigen i 2008[endre | endre wikiteksten]

I 2008 støtta brigaden dei russiske avdelingane i Abkhazia, mellom anna ved å øydeleggje eit georgisk forsyningslager.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. День частей и подразделений специального назначения ГРУ
  2. 16-я обрспн на сайте Спецназ. Орг

Kjelder[endre | endre wikiteksten]