Tambov oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tambovskaja oblast
   
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Tambov oblast på kartet over Russland
Hovudstad Tambov
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 63.

34 462 km²
0,2

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 46.

ca. 1 092 000[1] (2010)
ca. 31,7/km²

Føderalt distrikt Sentrale
Økonomisk region Sentrale Svartjord
Regionsnummer 68
Offisielt språk Russisk
Guvernør Oleg Ivanovitsj Betin
Nasjonalsong Prosjtsjanije slavjanki
Tidssone UTC +0300

Tambov oblast (russisk Тамбовская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tambov, arealet er 34 462 km² og innbyggjartalet er 1 092 100 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Tsna renn gjennom byen Tambov.

Tambov oblast ligg sentralt på den aust-europeiske sletta, søraust for Moskva. Landskapet er hovudsakleg flatt, høgste punktet ligg 214 meter over havet. Om lag 10 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen er -10 grader celsius i januar og 20 grader celsius i juli. Det finst ikkje nemneverdige naturressursar i provinsen. Elvene Tsna, Vorona og Lesnoj Voronezj renn gjennom området.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Det store fleirtalet av folket i provinsen er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:[1]

Som i Russland som heilskap går folketalet i Tambov oblast òg nedover, og har minka med 17,0 % frå 1989 til 2010:[1]

  • 1989: 1 315 300
  • 2002: 1 178 443
  • 2010: 1 092 000

58,7 % av folket bur i byar. Den einaste større byen er Tambov, med 280 200 ibuarar. (2010)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første folkeslaga som er kjent i området som no er Tambov oblast var tyrkiske folkeslag og mordvinar. På 1200-talet vart området underlagt det mongolske riket, og vart etter kvart del av riket til Den gylne horden. På 1500-talet byrja russarar å slå seg ned i området. På 1600-talet vart det bygd festningar her, Kozlov i 1635 og Tambov i 1636, for å verna storfyrstedømet Moskva mot åtak frå krimtatarane og nogaiane i sør. Dette gjorde at folkesetjinga av området med russiske nybyggjarar auka på. Frå 1779 var byen Tambov senter for ein eigen provins.

Under den russiske revolusjonen kom området under Sovjetmakta i januar 1918. I 1920-21 vart alvorlege bondeopprør i provinsen slått ned av Den raude arméen.

Tambov oblast vart oppretta som eigen provins den 27. september 1937.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Oleg Betin har vore guvernør i Tambov oblast sidan 1999, då han slo den sitjande kommunistiske guvernøren Aleksandr Rjabov. Ved valet til provinsforsamlinga i 2005 kom tre parti over sperregrensa på 7 %:

Guvernøren, Oleg Betin, er medlem i Sameint Russland.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tambov oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.