19P/Borrelly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
19P/Borrelly

Deep Space 1-fotografi av 19P/Borrelly
Oppdaging
Oppdaga av: Alphonse Louis Nicolas Borrelly
Oppdaga dato 28. desember 1904
Alternative namn: 1905 II; 1911 VIII; 1918 IV;
1925 VIII; 1932 IV; 1953 IV;
1960 V; 1967 VIII; 1974 VII;
1981 IV; 1987 XXXIII; 1994 XXX
BaneelementA
Aphel (Q) 5,83 AE
Perihel (q) 1,35 AE
Store halvakse (a) 3,59 AE
Eksentrisitet (e) 0,624
Omløpsperiode (P) 6,8 år
Banehelling (i) 30,3°
Førre perihel 14. september 2001
Neste perihel 26. juli 2008

Kometen Borrelly (alternativt 19P/Borrelly) er ein periodisk komet, som har blitt vitja av romsonden Deep Space 1. Kometen er 8 x 4 km i diameter.

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Kometen vart oppdaga av Alphonse Louis Nicolas Borrelly under eit rutinesøk for kometar ved Marseilles Frankrike den 28. desember 1904.

Deep Space 1-passeringa[endre | endre wikiteksten]

Den 21. september 2001 flaug romsonden Deep Space 1 forbi Borrelly mens den testa ut ny teknologi i rommet. Sonden vart styrt mot kometen under den utvida delen av ferda og var ein uforventa bonus for forskarane i prosjektet. Til tross for at systemet som hjelpte til med å halda kontroll over fartøyets orientering svikta, klarte Deep Space 1 å senda data tilbake til Jorda som på sendetidspunktet var dei beste bileta og andre vitskapelege data frå ein komet.