ABU Song Festivals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Asiavision (fleirtyding).

ABU Song Festivals er ein låtskrivartevling basert på Eurovision Song Contest. Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival.[1][2]

Kvart deltakarland vil sende ein song som vil verte framført direkte på radio og fjernsyn og deretter røyste fram ein vinnar.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konseptet vart fyrst gjort kjend i 2007, då Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) kunngjorde at dei skulle selje Eurovision-konseptet til eit asiatisk selskap. Tevlinga skulle verte om lag identisk med Eurovision Song Contest.[3]

Tevlinga fekk opphavleg namnet Asiavision Song Contest, men namnet var endra til Our Sound: The Asia-Pacific Song Contest etter ei avtale mellom arrangørane og Den asiatiske kringkastingsunionen (ABU), som nyttar namnet Asiavision på sine nyhendeutvekslingar.[4]

Den fyrste utgåva skulle vorte sendt i 2009. Seinare vart han utsett til 2010. I 2012 annonserte ABU at tevlinga ville verte halden i Seoul i Sør-Korea 14. oktober 2012 under namnet ABU TV Song Festival. Siste frist for å sende inn bidrag var 18. mai 2012.[5][6]

Format[endre | endre wikiteksten]

Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival. 26 songar frå 16 land tevla i ABU Radio Song Festival som var arrangert i Seoul, medan elleve land tevla i ABU TV Song Festival som vart halden om lag samstundes med radiotevlinga.[7][8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «ABU Radio Song Festival 2012». Den asiatiske kringkastingsunionen. Henta 20. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 «ABU Song Festival 2012». Korean Broadcasting System. Henta 20. oktober 2012. 
  3. «About the Asiavision Song Contest». Asiavision Pte Ltd. Henta 12. oktober 2012. 
  4. Gerlach, Andreas (27. februar 2009). «Asia-Pacific song contest gets new name». Asia-Pacific Broadcasting Union. Henta 20. oktober 2012. 
  5. ABU TV Song Festival,The 1st ABU TV Song Festival,14 October 2012 (Seoul, Republic of Korea), 6,5,2012.
  6. «ABU to launch 'Asiavision Song Contest'». Eurovision.tv. 8. november 2011. Henta 20. oktober 2012. 
  7. Kenny, Luke (7 November 2011). «Korea to host ABU radio and TV song festivals». radioandmucis.com. Henta 20. oktober 2012. 
  8. «ABU TV Song Festival». Den asiatiske kringkastingsunionen. Henta 20. oktober 2012. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]