Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision Song Contest
Sjanger Musikktevling
Skapar Marcel Bezençon
Programleiarar Sjå programleiarar
Kjenningsmelodi-
komponist
Marc-Antoine Charpentier
Kjenningsmelodi Te Deum
Land Sjå land
Språk Engelsk og fransk
Stader Sjå vertsbyar
Varigskap 2 timar (kvar semifinale)
3 timar og 30 minutt (finalen)
Produksjonsselskap Den europeiske kringkastingsunionen
Distributør Eurovision
Bileteformat 576i (SDTV) (1956–i dag)
1080i (HDTV) (2007–i dag)
Sendt 24. mai 1956–i dag
Nettstad
eurovision.tv

Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.

Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.

Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn dét landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.

Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.

Noreg i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.

Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La Det Swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.

Deltaking[endre | endre wikiteksten]

Deltaking sidan 1956: ██ Land som har vore med minst éin gong ██ Land som aldri har delteke, men har høve til det ██ Land som aldri har delteke, men meldt seg på

For å kunne delta må landet vere aktivt medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområde eller er medlem i Europarådet.[1]

Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:[2]

«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breddegraden 30° nord og inkluderar den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinser Middelhavet innanfor desse grensane. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei ovennemnte grensane inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».[3]

Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.

Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan.[4]

51 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta.[5] I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.


År Land som debuterte i tevlinga
1956 Belgia, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Luxembourg, Nederland, Sveits
1957 Austerrike, Danmark, Storbritannia
1958 Sverige
1959 Monaco
1960 Noreg
1961 Finland, Spania, Jugoslavia
1964 Portugal
1965 Irland
1971 Malta
1973 Israel
1974 Hellas
1975 Tyrkia
1980 Marokko
1981 Kypros
1986 Island
1993 Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia
1994 Estland, Ungarn, Litauen, Polen, Romania, Russland, Slovakia
1998 Makedonia
2000 Latvia
2003 Ukraina
2004 Albania, Andorra, Kviterussland, Serbia og Montenegro
2005 Bulgaria, Moldova
2006 Armenia
2007 Tsjekkia, Georgia, Montenegro, Serbia
2008 Aserbajdsjan, San Marino

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.

Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.

Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Vinnarar.
For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
År Vertsby Vinnarland Artist Vinnarsong Språk
1956 Lugano Sveits Lys Assia «Refrain» Fransk
1957 Frankfurt am Main Nederland Corry Brokken «Net als toen» Nederlandsk
1958 Hilversum Frankrike André Claveau «Dors mon amour» Fransk
1959 Cannes Nederland Teddy Scholten «Een beetje» Nederlandsk
1960 London Frankrike Jacqueline Boyer «Tom Pilibi» Fransk
1961 Cannes Luxembourg Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» Fransk
1962 Luxembourg Frankrike Isabelle Aubret «Un premier amour» Fransk
1963 London Danmark Grethe Ingemann og Jørgen Ingemann «Dansevise» Dansk
1964 København Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk
1965 Napoli Luxembourg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk
1966 Luxembourg Austerrike Udo Jurgens «Merci Chérie» Tysk
1967 Wien Storbritannia Sandy Shaw «Puppet On A String» Engelsk
1968 London Spania Massiel «La, la, la» Spansk
1969 Madrid Spania Salome «Vivo cantando» Spansk
Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant» Fransk
Nederland Lennie Kuhr «De troubador» Nederlandsk
Storbritannia Lulu «Boom Bang A Bang» Engelsk
1970 Amsterdam Irland Dana «All Kinds Of Everything» Engelsk
1971 Dublin Monaco Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk
1972 Edinburgh Luxembourg Vicky Leandros «Apres toi» Fransk
1973 Luxembourg Luxembourg Anne-Marie David «Tu te reconnaitras» Fransk
1974 Brighton Sverige ABBA «Waterloo» Engelsk
1975 Stockholm Nederland Teach-In «Ding-A-Dong» Engelsk
1976 Haag Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses For Me» Engelsk
1977 London Frankrike Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» Fransk
1978 Paris Israel Izhar Cohen «A-ba-ni-bi» Hebraisk
1979 Jerusalem Israel Milk and Honey og Gali «Hallelujah» Hebraisk
1980 Haag Irland Johnny Logan «What's Another Year» Engelsk
1981 Dublin Storbritannia Bucks Fizz «Making Your Mind Up» Engelsk
1982 Horrogate Vest-Tyskland Nicole «Ein Bißchen Frieden» Tysk
1983 München Luxembourg Corinne Hermes «Si La Vie Est Cadeau» Fransk
1984 Luxembourg Sverige Herreys «Diggi-Loo Diggi-Ley» Svensk
1985 Göteborg Noreg Bobbysocks «La Det Swinge» Norsk
1986 Bergen Belgia Sandra Kim «J'aime la vie» Fransk
1987 Brussel Irland Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk
1988 Dublin Sveits Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk
1989 Lausanne Jugoslavia Riva «Rock Me, Baby» Serbokroatisk
1990 Zagreb Italia Toto Cutugno «Insieme: 1992» Italiensk
1991 Roma Sverige Carola Häggkvist «Fångad av en stormvind» Svensk
1992 Malmö Irland Linda Martin «Why Me» Engelsk
1993 Millstreet Irland Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk
1994 Dublin Irland Paul Harrington og Charlie McGettigan «Rock'n Roll Kids» Engelsk
1995 Dublin Noreg Secret Garden «Nocturne» Norsk
1996 Oslo Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk
1997 Dublin Irland Katrina and The Waves «Love shine a light» Engelsk
1998 Birmingham Israel Dana International «Diva» Hebraisk
1999 Jerusalem Sverige Charlotte Nilsson «Take Me To Your Heaven» Engelsk
2000 Stockholm Danmark Olsen Brothers «Fly On The Wings Of Love» Engelsk
2001 København Estland Tanel Padar og Dave Benton «Everybody» Engelsk
2002 Tallinn Latvia Marija Naumova «I Wanna» Engelsk
2003 Riga Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk
2004 Istanbul Ukraina Ruslana «Wild Dances» Engelsk og ukrainsk
2005 Kiev Hellas Élena Paparízou «My Number One» Engelsk
2006 Aten Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Engelsk
2007 Helsingfors Serbia Marija Šerifović «Molitva» Serbisk
2008 Beograd Russland Dima Bilan «Believe» Engelsk
2009 Moskva Noreg Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk
2010 Bærum Tyskland Lena Meyer-Landrut «Satellite» Engelsk
2011 Düsseldorf Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk
2012 Baku Sverige Loreen «Euphoria» Engelsk
2013 Malmö Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk
2014 Danmark

Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest