AES10

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

AES10, eller Multichannel Audio Digital Interface (MADI), er ein multikanal versjon av AES3-protokollen, for bitserial overføring av digitale audiosignal over 75 Ω koaksialkabel eller optisk fiber (FDDI). MADI er definert av AES/EBU [1] [2].

Format[endre | endre wikiteksten]

Kanalformat[endre | endre wikiteksten]

På bitnivå nyttar AES10 sama format som AES3, så ordlengda er 24 bit.

Overføringsformat[endre | endre wikiteksten]

Det vert nytta NRZI linjekoding.

Kanalar og sampelfrekvens[endre | endre wikiteksten]

Den fyste versjonen var avgrensa til 56 kanalar og ein sampelrate på 32 kHz – 48 kHz, med moglegheit til endra sampelraten med +/- 12,5 %.

For AES10-2003 er det fleire moglegheiter:

  • a) 32 kHz – 48 kHz +/- 12,5%, 56 kanalar
  • b) 32 kHz – 48 kHz, 64 kanalar
  • c) 64 kHz – 96 kHz +/- 12,5%, 28 kanalar

Om utstyret i begge endar har støtte for det kan fleire kanalar koplast saman for å overføre data med sampelfrekvensar på 192 og 384 kHz.

Fysiske karakteristikkar[endre | endre wikiteksten]

Koaksialkabel[endre | endre wikiteksten]

Kabelen skal ha ein karakteristisk impedanse på 50 &/Omega; +/- 2 &/Omega;. Terminalane er BNC (IEC 60169-8). AES10-1991 spesifiserer maks overføringsavstand til 50 m med koaksialkabel. Skjermen skal jordast til sendaren og til mottakaren for frekvensar over 30 MHz.

Optisk fiber[endre | endre wikiteksten]

AES10-2003 spesifiserer den optiske fiberen som gradert indeks, med ein diameter på 62,5 nm, nominell kappediameter på 125 nm og med numerisk aperture på 0,275 ved 1300 nm. Det skal nyttast fiber interface som spesifisert i ISO/IEC 9314-3. Maks fiberlengd er spesifisert til 2 km.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

MADI var fyrst og fremst mynta på å kopla saman miksarar og opptakarar i lydstudio, men kringkastingsstasjonar tok i bruk MADI for å distribuera audiomaterial mellom ulike studio og utstyr. I dag er MADI mykje nytta i profesjonelt ustyr.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. AES10-1991 AES recommended practice for digital audio engineering - Serial multichannel audio digital interface (MADI), The Audio Engineering Society, 1991.
  2. AES10-2003: AES Recommended Practice for Digital Audio Engineering - Serial multichannel audio digital interface (MADI), The Audio Engineering Society, 2003. (Revisjon av AES10-1991)