Hopp til innhald

AES3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

AES3 (tidlegare AES/EBU) er eit profesjonelt grensesnitt for punkt-til-punkt overføring av digital audio, standardisert av The Audio Engineering Society (AES) [1] og The European Broadcasting Union (EBU) på midten av åttitalet. Det er òg standardisert av IEC som IEC 60958 Type I. Det vert nytta for å overføra to digitale audiokanalar med opp til 24-bit ordlengd. I den fyrste versionen av standarden [1] var maksimum sampelrate på 48 kHz, men ein reviderte versjonen [2] tillet sampelrater opp til 192 kHz.

Det fysiske sambandet nyttar balansert overføring over tvinna parkabel, med karakteristisk impedans på 110 og XLR-kontaktar. Sambandet kan nyttast for avstandar opp mot 100 m.

  1. 1,0 1,1 AES recommended practice for digital audio engineering - Serial transmission format for linearly represented digital audio data, AES3-1985 (ANSI S4.40-1985), J. Audio Engineering Society, Vol. 33, No. 12, des. 1985, ss. 976-984.
  2. AES recommended practice for digital audio engineering - Serial transmission format for two-channel linearly represented digital audio data, AES3-192 (ANSI S4.40-192) Revision of AES3-1985 (ANSI S4.40-1985), J. Audio Engineering Society, Vol. 40, No. 3, mars 1992, ss. 147-165.