AMFI Nesttun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AMFI Nesttun

Offisielt namnAMFI Nesttun
KallenamnNesttunsenteret
AdresseØstre Nesttunvegen 16
5221 Nesttun
StadNesttun i Noreg
Opna1996
Butikkar23
Parkering400
Tidlegare namnNesttunsenteret
Kart
Nesttunsenteret
60°19′2″ N 5°21′15″ E

AMFI Nesttun, tidlegare Nesttunsenteret, er eit kjøpesenter i Fana bydel i Bergen, ca. 10 km sør for Bergen sentrum. Senteret opna i 1996 og har 23 butikkar. Det ligg i Nesttun sentrum, kommunesenteret i tidlegare Fana kommune, som er eit komprimert handels- og serviceområde med i alt 110 verksemder innan handel, post og bank i tillegg til ei rekkje private og offentlege servicefunksjoner. Staden er eit trafikknutepunkt, og Nesttun terminal var førebels endestasjon for byggjetrinn éin i utbygginga av Bybanen i Bergen. Bybanestasjonen Nesttun sentrum vart bygd rett utanfor senteret, og opna 21. juli 2013 då byggjetrinn to i utbygginga av bybanen stod ferdig.

5. november 2015 bytta senteret namn frå Nesttunsenteret til AMFI Nesttun då AMFI Drift AS tok over drifta.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «AMFI Nesttun omprofilering». joomag.com. Henta 30. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]