A Vindication of the Rights of Men

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

A Vindication of the Rights of Men in a Letter to the Right Honourable Edmund Burke; Occasioned by His Reflections on the Revolution in France (utgjeve på bokmål som Et forsvar for menneskenes rettigheter), er eit politisk kampskrift frå 1790. Pamfletten vart skriven av filosofen og forfattaren Mary Wollstonecraft, var eit angrep på aristokratiet og eit forsvar for republikansk styresett. Skriftet var eit svar til Edmund Burkes Reflections on the Revolution in France der han forsvarte konstitusjonelt monarki, aristokratiet og den engelske kyrkja og bidrog til å starta ein debatt om den franske revolusjonen.

I pamfletten angreip Wollstonecraft ikkje berre arvelege privilegium, men òg retorikken Burke nytta for å forsvara dei. Dei fleste av kritikarane til Burke klandra han for det dei såg som teatralsk medkjensle for Marie Antoinette av Frankrike, Wollstonecraft var likevel den einaste som fordømde det kjønnsbestemte språket til Burke. Ved å omdefinere det sublime og det vene, omgrep Burke hadde etablert i boka A Philosophical Enquiry into the Origin of Our Ideas of the Sublime and Beautiful (1756), undergrov ho både retorikken og argumenta hans. I den første klåre feministiske kritikken, som Claudia Johnson skildrar som makelaus i argumenttyngd, skuldar Wollstonecraft Burke for å forsvara eit samfunn utan like rettar for kvinner.[1]

I forsvaret for borgarlege dygder støttar Wollstonecraft seg på den framveksande moralen til middelklassa og stiller det opp mot manerane til det lastfulle aristokratiet. Inspirert av opplysingstidas tru på framsteget, hånar ho Burke for å støtte seg til tradisjonar og sedvane. Ho skildrar eit idyllisk liv på landet, der kvar familie har ein gard som dekker behovet sitt. I kontrast til dette utopiske biletet av samfunnet, skissert med det ho hevdar å vera ekte kjensler, set ho kva ho oppfattar som Burkes falske og teatralske scener.

A Vindication of the Rights of Men var ein suksess; boka vart omtalt av alle dei større tidsskrifta og avisene, og førsteopplaget vart utselt på tre veker. Ved utgjevinga av andreutgåva, der namnet til Wollstonecraft stod på tittelbladet, vart kritikken meir negativ. Wollstonecrafts «kjensler» vart sette opp mot Burkes «fornuft» og kritikken hennar av Burke vart handsama nedlatande. Denne vurderinga av Eit forsvar for rettane til menneska varte til 1970-talet, der feministiske litteraturvitarar las tekstane til Wollstonecraft og påpeikte den intellektuelle verdien.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnson, 27; sjå òg, Todd, 165.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Barrell, John & Jon Mee, eds. «Introduction». Trials for Treason and Sedition, 1792-1794. 8 vols. London: Pickering and Chatto, 2006-7. ISBN 978-1-85196-732-2.
  • Furniss, Tom. «Mary Wollstonecraft's French Revolution». The Cambridge Companion to Mary Wollstonecraft. Ed. Claudia L. Johnson. Cambridge: Cambridge University Press, 2002. ISBN 0-521-78952-4.
  • Johnson, Claudia L. Equivocal Beings: Politics, Gender, and Sentimentality in the 1790s. Chicago: University of Chicago Press, 1995. ISBN 0-226-40184-7.
  • Jones, Chris. «Mary Wollstonecraft's Vindications and their political tradition». The Cambridge Companion to Mary Wollstonecraft. Ed. Claudia L. Johnson. Cambridge: Cambridge University Press, 2002. ISBN 0-521-78952-4.
  • Keen, Paul. The Crisis of Literature in the 1790s: Print Culture and the Public Sphere. Cambridge: Cambridge University Press, 1999. ISBN 0-521-65325-8.
  • Kelly, Gary. Revolutionary Feminism: The Mind and Career of Mary Wollstonecraft. New York: St. Martin's, 1992. ISBN 0-312-12904-1.
  • Myers, Mitzi. «Politics from the Outside: Mary Wollstonecraft's First Vindication». Studies in Eighteenth-Century Culture 6 (1977): 113-32.
  • Paulson, Ronald. Representations of Revolution, 1789-1820. New Haven: Yale University Press, 1983. ISBN 0-300-02864-4.
  • Poovey, Mary. The Proper Lady and the Woman Writer. Chicago: University of Chicago Press, 1984. ISBN 0-226-67528-9.
  • Sapiro, Virginia. A Vindication of Political Virtue: The Political Theory of Mary Wollstonecraft. Chicago: University of Chicago Press, 1992. ISBN 0-226-73491-9.
  • Sunstein, Emily. A Different Face: the Life of Mary Wollstonecraft. Boston: Little, Brown and Co., 1975. ISBN 0-06-014201-4.
  • Taylor, Barbara. Mary Wollstonecraft and the Feminist Imagination. Cambridge: Cambridge University Press, 2003. ISBN 0-521-66144-7.
  • Todd, Janet. Mary Wollstonecraft: A Revolutionary Life. London: Weidenfeld and Nicholson, 2000. ISBN 0-231-12184-9.
  • Wardle, Ralph M. Mary Wollstonecraft: A Critical Biography. Lincoln: University of Nebraska Press, 1951.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]