Edmund Burke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joshua Reynolds: Edmund Burke, ca 1769

Edmund Burke (12. januar 17299. juli 1797) var ein engelsk-irsk filosof, talar, forfattar og statsmann. Burke sat i mange år i det britiske underhuset som medlem av whigane. Her vert han hovudsakleg hugsa for å ha vore ein av dei få som støtta den amerikanske revolusjonen mot den britiske kolonimakta, medan han seinare var ein sterk motstandar av den franske revolusjonen. Burke vert av konservative rekna som den filosofiske grunnleggaren av anglo-amerikansk konservatisme.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Burke var fødd i Dublin. Faren var advokat, opphavleg protestant og mora katolikk. Til liks med faren, som hadde konvertert til 'Church of Ireland', vart Burke oppdregen i farstrua og var heile livet ein praktiserande anglikanar. Politiske fiendar skulda han likevel ofte seinare for å hyse katolske sympatiar, ei alvorleg skulding sidan han på den tida då hadde vorte utelukka frå offentleg teneste.

Han fekk si fyrste undervisning på ein kvekarskule i Ballitore, knapt 50 km frå Dublin. År 1744 heldt han fram ved Trinity College i Dublin. Tre år seinare danna han ein debattklubb, ein klubb som i 1770 slo seg saman med ein historieklubb og danna College Historical Society. Etter han tok eksamen i 1748 ville faren han skulle studere jus. I 1750 reiste Burke til London og tok til på Middle Temple, men straks etter gav han opp jusstudiane og la ut på reise på det europeiske kontinentet. Han prøvde deretter å livnære seg som forfattar.

Burkes fyrste trykte bok; A Vindication of Natural Society: A View of the Miseries and Evils Arising to Mankind, kom i 1756. Opphavleg vart ho oppfatta som ein seriøs traktat om anarkisme. Mange år seinare, med ei statstenestestilling i spel, hevda Burke, som ein forsvarar av den rådande ordning, at boka var meint å vere ei satire. Mange moderne forskarar held ho for å vere satire, medan andre tek boka for å vere eit alvorleg forsvar for anarkisme. Kor som er, satire eller ikkje, det er den fyrste anarkist-boka, og ho vart teken på alvor av seinare anarkistar som William Godwin. I 1757 gav Burke ut ei avhandling om estetikk; A Philosophical Enquiry into the Origin of Our Ideas of the Sublime and Beautiful, som vart lagt merke til av så framskotne europeiske tenkarar som Denis Diderot og Immanuel Kant. Året etter skipa han saman med Robert Dudley det mektige Annual Register, ein publikasjon der ulike forfattarar evaluerte internasjonale, politiske hendingar i det føregåande året.

I London hadde Burke nær kontakt med mange leiande intellektuelle og kunstnarar, så som Samuel Johnson, David Garrick, Oliver Goldsmith og Joshua Reynolds. Edward Gibbon skildra han som den mest veltalande og rasjonelle galning han hadde møtt.

Omtrent på same tid vart Burke kjend med William Gerard Hamilton. Då Hamilton vart utnemnd til sjefsekretær for Irland, fylgde Burke han til Dublin som privatsekretær, ei stilling han hadde i tre år. År 1765 vart Burke privatsekretær til den liberale whig-statsmannen Charles Watson-Wentworth (Rockingham), som på det tidspunkt var statsminister i Storbritannia. Dei to vart nære vener og samarbeidspartnerar til Rockingham døydde brått i 1782.

Eit litterært selskap hos Joshua Reynolds. Burke med raud frakk sit midt i biletet.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1765 fekk Burke sete i parlamentet som medlem av underhuset for krinsen Wendover, ein roten valkrins kontrollert av Lord Fermanagh, ein nær politisk alliert av Rockingham. Burke fekk ein leiande posisjon i debatten om dei konstitusjonelle grensene for kongen si utøvande makt. Han argumenterte sterkt mot uavgrensa kongemakt, og for dei politisk partia si rolle i å vidareføre ein prinsippfast opposisjon i stand til å hindre maktmisbruk frå kongen eller særgrupper innanfor regjeringa. Den viktigaste publikasjonen i så måte er Thoughts on the Cause of the Present Discontents frå 1770. Burke uttrykker her motstand mot påverknad frå hoffet og er talsmann for folket sine interesser.

Burke ytra sympati med dei klagene som kom frå dei nord-amerikanske koloniane mot Georg III og representantane hans. Han var mot den strikte maktbrynda som vart vist koloniane. Ein måtte i staden gjere det som var fordelaktig, framfor å følgje det som jusen sa var rett. Han gjekk også fleire gonger til åtak mot forfølginga av katolikkar i Irland og fordømde misbruken og korrupsjonen til Austindia-kompaniet.

I 1769 publiserte Burke, i eit svar til George Grenville, pamfletten The Present State of the Nation. Same året kjøpte han det vesle godset Gregories nær Beaconsfield. Eigedomen på 2 400 dekar vart kjøpt med lånte pengar, noko som skulle verte ei økonomisk bør for parlamentsmedlemen i dei komande tiåra. Burke vart aldri i stand til å kvitte seg med hefta på godset.

Burke vart i 1774 vald til å representere Bristol, den gongen nest største byen i England. Såleis var det ein stor valkrins med truverdige val. Talen til elektoratet i Bristol var prega av Burke sitt prinsipielle forsvar for eit representativt demokrati, og mot eit syn som gjekk ut på at dei valde representantane einast skulle tale for interessene til valkrinsen. Argumentasjonen hans var i så måte med på fremje ein delegatmodell i det politiske systemet. Stønaden han gav til frihandel med Irland, og forsvaret hans for katolsk frigjering, var upopulært hos veljarane hans, noko som førte til at han mista plassen i parlamentet i 1780. Resten av si tid som parlamentsmedlem representerte Burke Malton, ein krins kontrollert av Rockingham.

Under tory-regjeringa til Lord North, 1770-82, gjekk den amerikanske sjølvstendekrigen frå vondt til verre. Taleevnene til Burke var med på å bringe krigen til ein slutt. To av dei mest kjende talane hans kom i desse åra, fyrst Conciliation with America i 1775 og Letter to the Sherifs of Bristol i 177?. North sitt fall førte Rockingham tilbake i maktas sentrum. Burke fekk då hand om hæren si krigskasse, men det brå og uventa dødsfallet til Rockingham gjorde at Burke gjekk av etter få månader.

Burke støtta då ein annan whig, Charles James Fox, i ein koalisjon mot Lord North. Han heldt fram i stillinga si nokre månader, der han viste sine kvalifikasjonar i høve Fox si «India Bill». Koalisjonen braut saman i 1783, og den langliva tory-regjeringa til William Pitt den yngre tok over og sat ved makta i 18 år. Burke høyrde såleis med i opposisjonen resten av livet. Talen The Nabob of Arcot's Debts i 1785 vekte stor interesse, noko som gjorde at det i 1786 vart opna sak mot Warren Hastings, denne vart seinare frådømd embetet som generalguvernør i India. Saka mot Hastings pågjekk frå 1788 til 1795. Burke kalla Hastings ein «generalkaptein for misgjerningane» som aldri åt utan å «skape hungersnaud», hjartet hans var i «kaldbrann til kjernen» og minte både om ei «kongro frå helvete» og «eit glupsk rovdyr slukande skrotten til den daude». Tiltalen var så mykje av ei skrape at det som først såg ut som Hastings måtte verte funnen skuldig, førte til offentleg sympati. Sjølv om Hastings vart frifunnen, hjelpte rettssaka til å etablere prinsippet om at imperiet var eit moralsk tiltak, meir enn ei gjennomført plyndring av korkje Austindia-kompaniet eller av dei tilsette i det.

Reflections on the Revolution in France 1790

Oppfatningane om den franske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Burke hadde støtta den amerikanske sjølvstendekrigen, som han såg som ein høveleg respons på situasjonen for dei amerikanske kolonistane, fordømde han den franske revolusjonen i sitt Reflections on the Revolution in France i november 1790. Med denne vart Burke ein av dei tidlegaste og sterkaste kritikarane i Storbritannia av den franske revolusjonen. Han såg ikkje revolusjonen som eit steg mot eit representativt, konstitusjonelt demokrati, men som eit valdeleg opprør mot tradisjon og anstendige styresmakter; eit eksperiment fråkopla den samansette røyndomen i samfunnet. Burke hevda dei nye doktrinane i Frankrike var enkle og abstrakte, då dei ikkje tok omsyn til folks eigenskapar og behovet for styring. Difor spådde han det ville ende med ein katastrofe.

Burke var fullstendig usamd med Jean-Jacques Rousseau sin teori om folkeviljen, då han meinte dei fleste menneska i ein nasjon var ute av stand til å styre. Desse skulle i staden leite etter menn som var oppseda i gode kår og med høgre, kristen opplæring, og som gjennom sin posisjon var ansvarleg overfor både sin stand og nasjonen i det heile. Han påstod at eit sivilisert samfunn ikkje kunne skapast av folk med lik respekt, like posisjonar og interesser. Om ei mengd menneske i eit land prøvde å styre kvar sine interesser, ville det føre til at landet ville gå frå å byggje på personlege merittar over til prinsippløyse og mediokritet. Han hevda elles at dei franske ideane arbeidde tvert mot interessene til folket, og sette deira kjæraste skattar i fare.

Tidlegare beundrarar av Burke, så som Thomas Jefferson, Richard Brinsley Sheridan og whig-politikaren Charles James Fox, avfeia Burke som ein reaksjonær og som ein fiende av franskmennene og deira epokegjerande håp. Thomas Paine skreiv The Rights of Man i 1791 som eit tilsvar mot Burke. Derimot sa andre forsvarar av den US-amerikanske revolusjonen, som John Adams, George Washington og Alexander Hamilton, seg samd med Burke sine vurderingar av stoda i Frankrike.

Desse hendingane, og den usemja dei løyste ut i whig-partiet, førte til at partiet vart sprengt og venskapen mellom Burke og Fox tok slutt. I 1791 publiserte Burke eit skriv der han gjentok kritikken av dei radikale og revolusjonære programma som var inspirert av den franske revolusjonen, og gjekk til angrep på dei whigane som støtta desse. Utkoma vart at dei fleste whigane tok Burke si side og gav si støtte til den konservative regjeringa til statsminister William Pitt den yngre, ei regjering som i 1793 erklærte krig mot den revolusjonære regjeringa i Frankrike. Burke kjende seg sliten og gjekk i 1794 ut av parlamentet.

Etter lengre tids sjukeleie døydde Burke sommaren 1797 i Beaconsfield i Buckinghamshire, og vart gravlagd der.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

Burke si bok, Reflections on the Revolution in France, var svært kontroversiell då ho kom ut i 1790. Eit ukontrollert språk og unøyaktige fakta overbeviste mange lesarar om at Burke hadde mista dømekrafta. Etter han var død, derimot, vart verket hans best kjende og mest omtykte. I engelskspråklege land vert Burke ofte rekna som ein av fedrane til moderne konservatisme. Tenkninga hans har hatt stor innverknad på den politiske filosofien til klassiske liberalistar som Friedrich Hayek og Karl Popper. Burkes «liberale» konservatisme, som hevda å vere mot eit statsstyre basert på abstrakte idear og for «organiske» reformer, kan settast opp mot den autokratiske konservatismen til Joseph de Maistre.

Trass i at Burke ikkje var mykje oppteken av økonomiske saker, hadde han stor påverknad på økonomisk tenking i samtida. Han var ein sterk tilhengar av ein open marknadsøkonomi, men var uroleg over industrialiseringa. Burke meinte handel skulle vere rettvis og til nytte for begge partar. Statstyret skulle ikkje regulere handelen og produksjonen.

Historikaren Piers Brendon hevdar at Burke la det moralske grunnlaget for det britiske imperiet, med rettssaka mot Warren Hastings som sjølve lekamleggjeringa. Burke hevda då at «det britiske imperiet må styrast etter ein fridomsplan, for elles vert det ikkje styrt». I dette låg Burke si paternalistiske doktrine om at kolonistyre var ei tillitssak. Det skulle utøvast til nytte for undersåttane slik at dei ein gong oppnådde fødselsretten sin; fridom. Ei følgje av dette synet var at Burke motsette seg opiumshandelen. Denne kalla han for eit smuglareventyr og fordømde det som «den store vanæra for det britiske skussmålet i India».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]