Aa i Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aa er ei lita elv i Nederland. Ho spring ut nær Meijel søraust i provinsen Limburg i Peel-regionen. Ho renn nordvestover gjennom provinsen Noord-Brabant mot 's-Hertogenbosch, om lag langs kanalen Zuid-Willemsvaart. I 's-Hertogenbosch renn Aa saman med Dommel og dannar Dieze som igjen munnar ut i Maas eit par kilometer lenger nede. Dei største byane langs Aa er Asten, Helmond, Veghel og 's-Hertogenbosch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]