Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Koninkrijk der Nederlanden

(norsk: Nederland, nederlandsk)

Det nederlandske flagget Det nederlandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Wilhelmus van Nassouwe»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Nederland
Offisielle språk Nederlandsk, frisisk
Hovudstad Amsterdam, men regjeringa sit i Haag
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Willem-Alexander
Mark Rutte
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
41 543 km² (132.)
18,41 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
16 730 632 (64.)
402,7 /km² (15.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Godkjend (av Spania
26. juli 1581
30. januar 1648 (Sjå Åttiårskrigen)
Nasjonaldag 27. april (Koningsdag)
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
680 400 mill. USD (21.)
40 500 USD (12.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +31
Toppnivådomene .nl


Kongeriket Nederland eller berre Nederland (nederlandsk: Koninkrijk der Nederlanden eller Nederland) er eit lite, men tett folka land nordvest i Europa. Det har kyst mot Nordsjøen og grenser i tillegg til Tyskland og Belgia. Landet blir ofte kalla Holland, men dette er berre to av provinsane i Nederland (Noord og Zuid Holland).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Nederlandsk geografi.
Kart over Nederland som syner områda som ligg over havnivå, eller korleis Nederland ville sett ut utan dika

Nederland er eit særs flatt land, og berre dei søraustlegaste områda, som strekkjer seg sørover langs grensa mellom Belgia og Tyskland mot Ardennane, har åsar som bryt hundremetergrensa. Vaalserberg er det høgaste punktet med 322,7 meter over havet. Den vestlege halvdelen av landet ligg i snitt 1 meter over havet og mange område ligg til og med under havnivå, verna av dike langs kysten og langs dei mange elvane og kanalane.

Heilt sidan mellomalderen har menneske forma landskapet i Nederland ved hjelp av dike. For å verne mot flaum vart landsbyar og gardar bygd på menneskeskapte åsar kalla terps før år 1000, og etter kvart bygde ein dike mellom desse. Samstundes drenerte bøndene myrområde for å at desse kunne dyrkast. Den opptørka torva i desse områda vart derimot komprimert av denne prosessen og heile terrengnivået sokk. Dette førte til at områda måtte drenerast på ny og at terrengnivået sokk ytterlegare. Det vart bygd fleire dike og etter kvart oppstod det eit komplisert dikesystem som gjekk på kryss og tvers. Det vart nytta vindmøller til å pumpe ut vatn frå den tørre sida av dika, og seinare nytta ein òg vindmøller til å tømme heile innsjøar slik at ein fekk dei kjende polderane.

Flaumane har òg til stor grad forma landskapet i Nederland. Ein kraftig storm og stormflod i 1134 skapte øygruppa Zeeland. St. Elizabeth-flaumen i 1421 tok mange menneskeliv då dika brast og danna våtmarksområde Biesbosch, som i dag er ein nasjonalpark. Ein flaum på 1200-talet skapte Zuiderzee, som i dag er lukka og omdanna til IJsselmeer. Dei menneskeskapte endringane har til tider gjort flaumkatastrofane større. og på 1900-talet vart to enorme byggprosjekt sett i verk for å ende den verste flaumfaren ein gong for alle, Zuidezeeprosjektet og Deltaprosjektet. Deltaprosjektet vart starta etter Nordsjøflaumen i 1953 og stod først ferdig i 2002.

To store elvar renn gjennom Nederland, Rhinen og Maas. Desse elvane forgreinar seg i Nederland og dannar eit særs komplisert system der dei forskjellige bielvane renn i hop, forgreinar seg vidare og renn inn i kvarandre igjen. I tillegg er det bygd kanalar mellom elvane. Waal er i dag den største greina av Rhinen, men tidlegare har andre elvar hatt denne rolla. Det meste av vatnet renn mot dei sørvestlege områda av Nederland, og her renn òg dei to store greinene Westerschelde og Oosterschelde til elva Schelde ut. Berre ei større grein av Rhinen, IJssel, renn nordover og ut i IJsselmeer.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nederland er kjend for kanalane og vindmøllene sine, men landet er verken spesielt fuktig eller vindfullt. Det er hovudsakleg kystområda som har noko vind å snakke om, og dei kan om vinteren få storm når lågtrykka går inn over Nordsjøen. Dei indre områda har derimot lite vind, og i middel har Utrecht mindre vind enn Paris. Vinden merkar ein likevel mest om vinteren når temperaturane ligg like over frysepunktet. Den fuktige lufta gjer sitt til at det kjennest enno kaldare enn det er.

Nederland er flatt og har ingen store fjellkjeder aust eller sør for seg, så landet er òg utsett for den kalde Sibirlufta frå aust om vinteren. Desse kuldeperiodane kan vare fleire veker, og kanalane kan fryse til. Dei er derimot mest vanleg i nordaustlege delar av landet, mot grensa av Tyskland. Delar av Nederland ligg lågare enn havoverflata, og er berre verna av dika på kysten og i kanalane. Ved særs kraftig uvêr i Nordsjøen har dette tidlegare ført til stormflod og store flaumkatastrofar, den siste var Nordsjøflaumen i 1953.

Nærleiken til Nordsjøen hindrar som regel høge temperaturar om sommaren, men når den sørlege kontinentallufta strøymer nordover kan det bli varmt sjølv på kysten. Dei sørvestlege kystområda får som regel mest nedbør om hausten, men dei våtaste områda i Nederland er nasjonalparken Hage Veluwe som har 800-900 mm i året.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Nederland (10.10.2010)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Nederland er inndelt i 12 provinsar (provincies):

Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal (2005)
Drenthe Assen 2 642 483 200
Flevoland Lelystad 1 419 365 300
Friesland Leeuwarden 3 349 643 000
Gelderland Arnhem 4 975 1 971 000
Groningen Groningen 2 336 575 200
Limburg Maastricht 2 153 1 136 000
Noord-Brabant 's-Hertogenbosch 4 919 2 411 000
Noord-Holland Haarlem 2 670 2 595 000
Overijssel Zwolle 3 327 1 109 000
Utrecht Utrecht 1 386 1 171 000
Zeeland Middelburg 1 788 379 900
Zuid-Holland Haag 2 818 3 452 000

Historie[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av Nederland

Under den tysk-romerske keisaren og spanske kongen Karl V var området ein del av Dei sytten nederlandske provinsane, der òg størsteparten av dagens Belgia var med. Etter at åttiårskrigen hadde halde på i ti år erklærte dei nordlege provinsane sjølvstende i 1579 og danna Utrecht-unionen, som la grunnlaget for det moderne landet Nederland. Filip II, sonen til Karl, hadde ikkje tenkt å la dei sleppa så lett, og Spania godkjende ikkje nederlandsk sjølvstende før Filip IV gjorde dette i 1648.

Republikken av dei sju sameinte Nederlanda voks til å bli ei av dei største maktene innan sjøfart og handel i det 17. hundreåret. Landet etablerte koloniar og handelsstasjonar over heile verda i denne perioden, som blir kalla den nederlandske gullalderen.

I nokre år var Nederlanda del av Napoleon sitt franske keisardøme, men i 1815 vart Kongeriket Nederlanda, som inneheldt alle dei tre Benelux-landa, danna. Belgia gjorde opprør og fekk sjølvstende i 1830, medan Luxemburg trekte seg ut då Vilhelmina II blei dronning i 1890, på grunn av ulike tronarvelovar.

Nederland hadde fleire koloniar, som Nederlandsk Ostindia, det moderne Indonesia, og Surinam. Innvandrarar frå desse landa har sett sitt preg på landet, mellom anna med etestader som serverer mat frå heimlanda deira i dei fleste nederlandske byane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nederland