Aakirkeby

Koordinatar: 55°4′13.9″N 14°55′13.51″E / 55.070528°N 14.9204194°E / 55.070528; 14.9204194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aakirkeby
Land  Danmark
Folketal 2 100 (1. januar 2016)
Kart
Aakirkeby
55°04′11″N 14°55′12″E / 55.0697°N 14.92°E / 55.0697; 14.92
Wikimedia Commons: Aakirkeby

Aakirkeby er ein by i Aaker Sogn sør på Bornholm mellom Rønne og Nexø i Danmark. Innbyggjartalet var 2 169 den 1. januar 2006.

Namnet på byen kjem frå Aa kirke som ligg i byen. Aa kirke er den største, og truleg den eldste, kyrkja på Bornholm og er ei romansk kyrkje frå omkring år 1100. På denne tida var byen den viktigaste byen på Bornholm.

Inntil den danske kommunalreforma i 2007 var byen sentrum i Aakirkeby kommune, ein bykommune med 6600 innbyggjarar, men i dag er kommunane på Bornholm slått saman til Bornholms regionskommune. I byen set ein pris på kjælenamnet Blomsterbyen og mange bogarar, forretningar og foreiningar i byen gjer ein innsats for å leve meir opp til dette namnet enn dei andre byane på Bornholm.

I og ved byen ligg mellom anna TV2/bornholm, NaturBornholm, den siste «riktige» slaktaren på øya, og ein del del feriebustader. Med i Aakirkeby-området er dessutan Ekkodalen, Bornholms Travbane i Almindingen og den eine av dei tre golfbanane på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

55°4′13.9″N 14°55′13.51″E / 55.070528°N 14.9204194°E / 55.070528; 14.9204194