Abarim
Utsjånad
| Abarim | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Koordinatar | 31°45′14″N 35°42′55″E / 31.7539°N 35.7152°E | ||
![]() Abarim 31°45′14″N 35°42′55″E / 31.7539°N 35.7152°E | |||
Abarim (hebraisk הָרֵי הָעֲבָרִים, Har Ha-'Avarim, Harei Ha-'Avarim) er ei fjellkjede i Jordan, aust og søraust for Daudehavet, som strekkjer seg frå Nebo — det høgaste punktet — i nord og til Den arabiske ørkenen i sør.
Fjellkjeda er nemnt fleire gonger i Bibelen. Den nordlege delen vart kalla Fasga (eller Pisgah), og den høgaste toppen var Nebo (Fjerde mosebok 23:14; 27:12; 21:20; 32:47; Femte mosebok 3:27; 34:1; 32:49). Området tilhøyrte Moab og frå toppen kunne Moses sjå Det lova landet (Femte mosebok 3:27; 32:49), og det var her han døydde (34:1,5). Balaam velsigna Israel for andre gongen på toppen av fjellet (Fjerde mosebok 23:14); og her gøymde Jeremias arka (II makkabearane 2:4-5).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abarim» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


