Den arabiske ørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den arabiske ørkenen
ørken
none
Land Flag of Jordan.svg Jordan, Flag of Iraq.svg Irak Flag of Kuwait.svg Kuwait, Flag of Oman.svg Oman Flag of Qatar.svg Qatar, Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata, Flag of Yemen.svg Jemen
landemerke Al-Nafūd
Al-Sabʿatayn-dynene
Āl Wahībah-dynene
Rubʿ al-Khali
Høgaste punkt Al-Nabī Shuʿayb
 - koordinatar 18°16′2″N 42°22′5″E
Lengd 2 100 km
Breidde 1 100 km
Areal 2 330 000 km²
biom Ørken

Den arabiske ørkenen ligg i Vest-Asia. Han er ein enorm ørken som strekkjer seg frå Jemen til Persiabukta og Oman til Jordan og Irak. Han dekkjer det meste av Den arabiske halvøya, med eit areal på 2 330 000 km². Midt i ørkenen ligg Rub'al-Khali, ein av dei største samanhengande områda med sand i verda.

Gaseller, oryx, sandkattar og tornehaleagamar er berre nokre av dyreartane som har tilpasse seg ørkenen og dette ekstreme miljøet, der ein finn alt frå raude sanddyner til livsfarleg kvikksand. Klimaet er ekstremt tørt og temperaturane svingar mellom ekstrem varme til nattefrost om vinteren. Denne økoregionen har lite biologisk mangfald, men det finst nokre få endemiske planter her. Mange artar, som stripete hyene, sjakal og honninggrevling har døydd ut i området på grunn av jakt, menneskeleg inntrenging og habitatøydelegging. Andre artar har blitt innført på ny, med suksess, som sandgaselle, og er verna av fleire reservat. Overbeiting frå husdyr, offroad-køyring og menneskeleg øydelegging er dei største trugslane til denne økoregionen i ørkenen.

Geolog og geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein korridor med sandterreng kalla Ad-Dahna-ørkenen knytt den støre An-Nafud-ørkenen (65 000 km2) nord i Saudi-Arabia til Rub' Al-Khali i søraust. Tuwaiq-skrenten er eit område med ein 800 km lang boge av kalksteinsklipper, platå og kløfter. Ein finn saltsletter med kvikksand i Umm al Samim. Wahibasanden i Oman er eit isolert sandområde som grensar til austkysten. Rub' Al-Khali[1] er eit ørkenområde og sedimentasjonsbasseng som strekkjer seg frå sørvest til nordaust langs den arabiske sokkelen. Med ei høgd på 1000 meter går steinlandskapet her over i eit enormt område med sand. Det strekkjer seg heilt sør til sentrale område av Jemen. Sanden ligg over grus og gips, og sanddynene kan bli opp til 250 meter høge. Sanden er hovudsakleg silikat, som består av 80 til 90 % kvarts og resten feltspat, med jernoksiderte korn som fargar sanden oransje, rosa eller raud.

Økologi og naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Somme av naturressursane ein finn i Den arabiske ørkenen er olje, naturgass, fosfatar og svovel.

Rub'al-Khali har eit særs lite biologisk mangfald. Det er berre registrert 37 artar her, 20 i sjølve sanden, og 17 kring ytterkanten. Av desse 37 er ein eller to endemiske. Vegetasjonen er særs spreidd, men ganske jamt fordelt. Det fins særs få tre her, utanom i ytterkanten (typisk akasie).

Politiske grenser[endre | endre wikiteksten]

Ørkenen ligg hovudsakleg i Saudi-Arabia, men strekkjr seg inn i nabolanda Egypt (Sinai), sørlege Irak og sørlege Jordan. Den arabiske ørkenen strekkjr seg i tillegg inn i [[Qatarog lengst aust nesten heile Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Rub'al-Khali kryssar over frå Saudi-Arabia til vestlege Oman og austlege Jemen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.alovelyworld.com/webyemen/htmgb/yem027.htm Rub Al-Khali, a photo and short description