Absolutt storleiksklasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Absolutt storleiksklasse (absolutt magnitude) blir nytta i astronomien til å klassifisere stjernene etter lysstyrke. Ei stjerne si absolutte storleiksklasse er eit tal M, som ein kan rekne ut når ein kjenner til stjerna si tilsynelatande storleiksklasse m og kor langt borte ho er. Dersom stjerna si avstand frå solsystemet vårt uttrykt i parsecs er p, så er samannhengen mellom absolutt og tilsynelatende storleiksklasse gjeve ved formelen:

\ M = m + 5 - 5*\lg(p),

der \lg står for logaritmen med grunntal 10.

Grunnen til at logaritmen opptrer, er at storleiksklasseomgrepet ikkje direkte uttrykker lysstyrken i Watt, men held seg til denne via ein logaritmisk skala, slik at storleiksklasseskalaen mest mogleg skal følgje loven om korleis auget naturleg vurderer synsinntrykk av ulik styrke.

Ei stjerne si absolutte storleiksklasse er ikkje anna enn det stjerna si tilsynelatande storleiksklasse ville vore, dersom ho vart observert frå ein standard avstand på 10 parsec.

Andre norske namn for absolutt storleiksklasse er absolutt storleik, og absolutt lysstyrke. På fransk heiter det «magnitude absolue», på tysk «absolute Helligkeit», på engelsk «absolute magnitude» og på nederlandsk «absolute helderheid».

Døme[endre | endre wikiteksten]

Polarstjerna har tilsynelatande storleiksklasse 2,m12 og stjerna sin avstand frå solsystemet vårt er 460 lysår, det tilsvarer 141 parsec. Den absolutte storleiksklasse til Polarstjerna blir då \ 2,12 + 5 - 5*\lg(141), d.v.s. M = -3,m6.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på riksmål/bokmål