Astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Galileo Galilei sine skisser og observasjonar av månen viste at han var full av fjell og krater.

Astronomi (frå dei greske ordea astron (ἄστρον), 'stjerne', og nomos (νόμος), 'lov') er vitskapen om himmellekamar (som stjerner, planetar, kometar og asteroidar) og fenomen utanfor jordatmosfæren (som kosmisk bakgrunnsstråling). Han tek for seg utvikling, fysikk, kjemi, meteorologi og rørslene til desse lekamane, i til|legg til utforminga og utviklinga av universet.

Fysikken har tette band med astronomien. Mange fysiske oppdagingar kjem frå astronomiske observasjonar. Nokre viktige strukturar er solsystem og galaksar.

Astronomi er eit av dei få vitskaplege felta der amatørar enda spelar ein aktiv rolle, framfor alt i oppdaging og observering av tilfeldige fenomen som, til dømes, kometar. Astronomi skal ikkje forvekslast med astrologi, som er ein pseudovitskap der ein prøver å føreseie lagnaden til menneska gjennom å fylgje banane til himmellekamane. Dei to har liknande røter (studien av himmelen og himmellekamane) men skil seg markant i at astronomane bruker vitskaplege metodar og fakta som kan verifiserast, mens astrologar ikkje gjer det.

Astronomien var ein av dei første empiriske vitskapane, det vil seie ein vitskap der ein baserer teoriar på observasjon av faktiske hendingar i staden for filosofiske resonnement. Dette leidde til djupe konfliktar med den katolske kyrkja, som såg på filosofiske studium av Bibelen som den einaste kjelda til kunnskap, og mange tidlege astronomar som til dømes Galileo Galilei og Nikolaus Kopernikus blei forfølgde og skulda for kjetteri av kyrkja. Andre tidlege astronomar blei tvinga til å ta tilbake eller tilpasse teoriane sine for at dei skulle passe med kyrkjas verdsbilete.

Spesialområde[endre | endre wikiteksten]

Astrometri
Astrofysikk
Himmelmekanikk
Astronautikk
Stellardynamikk
Stellarstatistikk
Solforsking
Planetologi
Kosmologi

Metode[endre | endre wikiteksten]

Teleskop
Fotometri
Spektroskopi
Radioastronomi

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Demise in ice and fire [heic0407]»» (engelsk). Henta 17. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]