Achewood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Achewood er ein teikneserie som vert skriven og teikna av amerikanaren Chris Onstad. Serien handlar om ei gruppe antropomorfe leikedyr, robotar og kjæledyr som lever i eller kring det som vert framstilt som huset åt forfattaren på den fiktive adressa 62 Achewood Court. Dei fleste hendingane utspelar seg i eller kring huset, i den fiktive forstaden Achewood, som ber mange likskapstrekk med Palo Alto i den amerikanske delstaten California.

Humoren i stripene vert karakterisert som absurd, og manglar ofte eit «poeng» i tradisjonell forstand.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste stripa vart publisert på nettstaden [1] den 1. oktober 2001. Serien fylgjer ikkje noko strengt sleppskjema, men det kjem som oftast fire nye striper i veka[2]. Karakteristisk for teikneserien er det at han fylgjer såkalla «løkker», slik at det oftast er eit undersett av figurar og karakterar og ei spesiell historie som er i fokus, sjølv om det òg finst lausrivne, avslutta striper.

Serien har vorte høgt rosa av mange, og har til dømes vore emne for artiklar i TIME Magazine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]