Adıyaman
Adıyaman | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | Adıyaman | ||
Høgd | 7 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 1 582 km² | ||
Folketal | 202 735 | ||
Folketettleik | 128 / km² | ||
Borgarmeister | Muhammet Necip Büyükaslan | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 02xxx | ||
Bilnummer
fri1type=Retningsnummer |
02 | ||
![]() Adıyaman | |||
Wikimedia Commons: Adıyaman | |||
Nettstad: www.adiyaman.bel.tr | |||
Adıyaman (kurdisk Semsûr, i antikken Perre eller Pordonnium, gammalgresk Περρη) er ein by søraust i Tyrkia, administrasjonssenter i provinsen Adiyaman. Han er ein av byane som veks raskast i Tyrkia. Folketalet steig frå 100 000 i 1990 til 200 000 i 2010.[1]
Adıyaman heitte før 1926 Hısn-ı Mansur eller Hüsnü Mansur, «Mansurborga», etter kalif Al-Mansur som regjerte i Bagdad mellom 754 og 775. Det kurdiske namnet Semsûr kjem truleg av det. Namnet Adıyaman kjem anten frå Vadi i Leman, 'ven dal', eller av Yedi Yaman, 'dei tapre sju', etter ei historie om sju søner som øydela avgudsbiletet til faren sin og sidan vart drepne av faren.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Adıyaman har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre. Temperaturane når 40 ºC midt på sommaren og varmerekorden her er 45,3 ºC frå 30. juli 2000. Vintrane i Adıyaman er kjølige eller kalde og ofte med snø. Den lågaste temperaturen som er målt er -10 ºC den 23. februar 1985.
Klimadata for Adıyaman | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 8.7 | 10.2 | 14.9 | 20.4 | 26.7 | 33.2 | 37.8 | 37.6 | 33.0 | 25.6 | 16.9 | 10.7 | 22,98 |
Normal min. temp. °C | 1.2 | 2.2 | 5.5 | 9.8 | 14.3 | 19.6 | 23.6 | 23.3 | 18.8 | 13.6 | 7.5 | 3.1 | 1,2 |
Nedbør (mm) | 121.4 | 101.6 | 90.4 | 69.4 | 35.7 | 9.0 | 1.6 | 1.7 | 6.0 | 42.4 | 73.9 | 129.3 |
|
Normal mengd regndagar | 11.7 | 11.9 | 12.0 | 11.9 | 8.0 | 2.5 | 0.6 | 0.5 | 1.3 | 6.5 | 9.1 | 11.5 | 87,5 |
Normale månadlege solskinstimar | 130.2 | 131.6 | 186.0 | 225.0 | 303.8 | 363.0 | 390.6 | 365.8 | 306.0 | 232.5 | 168.0 | 130.2 | 2 932,7 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Adıyaman» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: