Bagdad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Irak.

Bagdad (arabisk: بغداد, Baġdād; frå persisk bāġ-e dād, "rettferdas bustad") er hovudstaden i Irak. Byen ligg i provinsen Bagdad og er ein av dei største i Midtausten (etter Kairo, Teheran og Istanbul) med ein folkesetnad på 5,7 millionar (2003). Den viktigaste flyplassen her er Bagdad internasjonale lufthamn.

Byen vart grunnlagd i år 762 av Abbasid-kalifen Al-Mansur på staden for ein kristen by ved elva Tigris. Bagdad erstatta Damaskus som den muslimske hovudstaden i eit imperium som strekte seg frå Nord-Afrika til Persia. Bagdad vart eit viktig sentrum for utdanning og handel. Nokre kjelder oppgjev at byen hadde kring ein million innbyggjarar, men truleg var det i røynda færre. Mange av eventyra i Tusen og ei natt har bakgrunn frå denne tida.

Bahá'u'lláh forkynte sin misjon for verda i Ridván-hagen i Bagdad i tida 21. april - 2. mai 1863.

I samband med Golfkrigen i 1991 leid Bagdad store skader på infrastrukturen, særleg innan transport- og kraftsektoren. Byen vart òg tungt bomba i tida mars-april 2003 under Irak-krigen. Etter at Saddam Hussein fall vart Bagdad okkupert av styrkar frå USA, og vart sete for eit interimstyre (Dei provisoriske koalisjonsstyresmaktene, CPA).

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.