Ada Polak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ada Buch Polak (19. september 191425. oktober 2010) var ein norsk kunsthistorikar og fagbokforfattar.

Ho vart fødd som Ada Buch og voks opp i ein borgarleg heim i Aker. Ho tok artium i 1933 og vart magister i kunsthistorie i 1940. Avhandlinga Norsk glass 1739-1753 sprang ut frå arbeida hennar med ei utstilling på Kunstindustrimuseet i 1939. Ho var konservator ved Vestlandske kunstindustrimuseum frå 1942 til 1948, då ho gifta seg i London med advokat Alfred L. Polak og busette seg i England. Ho døydde i London og vart bisett i Golder's Green Crematorium i London 4. november 2010.

Frå 1948 arbeidde ho frilans i samarbeid med norske kunsthistoriske fagmiljø, og ho vart eit viktig kontaktledd mellom norske og britiske museum. I 1953 tok ho doktorgraden på avhandlinga Gammelt norsk glass, basert på grundige arkivstudium av norsk glashistorie i den førindustrielle epoke. Seinare har ho utgjeve fleire bøker om glass, sølv, antikvitetar og foretakshistorie. Ho redigerte òg ei spørjespalte om antikvitetar i vekebladet Kvinner og Klær 1964-95, og bidrog dessutan til bind 3 og 4 av Norges kunsthistorie (1981-82).

Ada Polaks faglitterære forfattarskap var både prega av evna hennar til å popularisere emna sine og vitskapleg nybrottsarbeid. For dette mottok ho i 1980 NAVFs pris for populærevitskapleg forsking. I 1981 vart ho statsstipendiat, og same året vart ho utnemnd til Riddar av St. Olavs Orden.

Ada Polak er oldeborn av Camilla Collett, syster av Ellisiv Steen, og med det òg svigerinne av Sverre Steen.

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

  • Gamle glass fra Hurdal og Gjøvik. 1992.
  • Gammelt norsk glass. 1983.
  • Gammelt Porsgrundporselen.1980.
  • The Decorative Art of Scandinavia 1530-1830. 1977.
  • Antikvitetsboken. 1975.
  • Glass, its Makers and its Public. 1975.
  • Glass, its Tradition and its Makers. 1975.
  • Glassboken. 1974.
  • Gamle vinglass. 1974.
  • Sonja Hennie 1912-1969. 1974.
  • Norwegian Silver. 1972.
  • Gullsmedkunsten i Norge: før og nå. 1970.
  • Speil: en glasshistorisk undersøkelse. 1969.
  • Wolffs & Dorville: et norsk-engelsk handelshus i London under Napoleonskrigene; en kulturhistorisk skildring. 1968.
  • Antikvitetsboken. 1965.
  • Modern Glass. 1962.
  • Two Nøstetangen goblets: Recently Discovered in England. 1960
  • Norwegian Silver. 1960.
  • Fra et par gamle engelske forretningsarkiv. 1960.
  • Engelske ur og klokker i Norge. 1960.
  • Glassboken. 1958
  • Kunsthistorien, universitetet og museene. 1958.
  • Gammelt norsk glass. [Dr.-avhandling.] 1953.
  • ”Drikk og syng med vivatskraal”. 1944.