1953
Hopp til navigering
Hopp til søk
1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1953 (romartal MCMLIII)
Hendingar[endre | endre wikiteksten]
Utlandet[endre | endre wikiteksten]
- 16. januar: Leiaren av Egypt, general Mohammed Naguib, innførte diktatur etter avsløring av kupp-planar.
- 2. februar: Flaum i Nederland etter at dika braut saman under enorm springflod. 1500 døydde og 100 000 måtte evakuerast. Store jordbruksareal blei øydelagde.

1953 var året menneske først steig opp på Mount Everest. (Foto: Uwe Gille, 2005)
- 29. mars: Danmark fekk ny grunnlov som stadfesta eit parlamentarisk system, berre eitt kammer i Folketinget, gav medlemmer i Folketinget rett til å krevja folkeavstemming, innførte kvinneleg arverett til trona og Grønland blei ein del av kongeriket Danmark med representasjon i Folketinget.
- 7. april: Den svenske viseutanriksministeren Dag Hammarskjöld blei ny generalsekretær i SN.
- 29. mai: Tenzing Norgay og Edmund Hillary kom som dei første i verda til toppen av Mount Everest.
- 2. juni: Elisabeth II blei krona til dronning av Storbritannia.
- 16. juni: Arbeidaroppstand i Aust-Berlin mot den aust-tyske regjeringa. Opprøret blei knust neste dag av sovjetiske stridsvogner.
- 18. juni: Egypt blei republikk med Mohammed Naguib som president.
- 28. juni: Store oversymjingar i Japan.
- 27. juli: Underskriving av ein våpenkvileavtale etter Koreakrigen.
- 11. august: Eit jordskjelv i Hellas drap over 1000.
- 13. september: Nikita Khrusjtsjov blei ny førstesekretær i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i mars.
- 9. november: Kambodsja fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 25. november: Ungarn sitt herrelandslag i fotball slår England sitt herrelandslag i fotball 6–3 på Wembley stadion i ein kamp som i ettertid har vorte kalla «hundreårets kamp».
- 26. desember: Ein stor Viet Minh-offensiv i jula delte i praksis Indokina i to.
- Koloniane Nyasaland, Nord-Rhodesia og Sør-Rhodesia blei slegne saman til Rhodesia og Nyasaland-føderasjonen.
Noreg[endre | endre wikiteksten]
- 21. januar: Ein dommesdagpreken halden av Ole Hallesby i NRK utløyste Helvetesdebatten.
- 19. mars: I Kings Bay-ulukka på Svalbard døydde 19 gruvearbeidarar.
- 11. april: Noreg avslutta formelt sin okkupasjon av Tyskland.
- 10. mai: Prins Harald blei konfirmert av biskop Eivind Berggrav i Slottskapellet.
- 15. mai: Prinsesse Ragnhild blei vigd av biskop Eivind Berggrav i Aker kyrkje.
- 1. juni: Opninga av dei første Festspela i Bergen.
- 29. juni: Eit voldsomt lokalt uvêr over Kviteseid i Telemark skapte jordras og flaumskadar.
- 16. juli: Stortinget vedtok å flytta hovudbasen til Marinen frå Horten til Bergen.
- 11. september: Opprettinga av Forbrukarrådet.
- 12. oktober: Stortingsvalet 1953 gav Arbeiderpartiet fortsatt reint fleirtall.
- 15. november: Fire menn mistenkte for å spionera for Sovjetunionen blei arresterte i Kirkenes.
- 3. desember: Styrmennene i handelsflåten byrja ein streik som varte i fire dagar.
- Mosjøen Veveri blei starta.
- Danninga av Det norske forbundet av 1948.
Fødde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Fødde i 1953.
- 26. januar: Anders Fogh Rasmussen, dansk statsminister og NATO-leiar
- 19. februar: Cristina Fernández de Kirchner, argentinsk statsleiar
- 28. februar: Paul Krugman, USA-amerikansk økonom
- 6. mars: Jan Kjærstad, norsk forfattar
- 21. mars: Per Inge Torkelsen, norsk humorist og forfattar
- 27. mars: Annemarie Moser-Pröll, austerriksk alpinist
- 2. april: Eivind Reiten, norsk politikar og næringsdrivar
- 18. april: Per Olaf Lundteigen, norsk bonde og politikar
- 6. mai: Tony Blair, britisk statsminister
- 15. mai: Gaetano Scirea, italiensk fotballspelar
- 1. juni: Liv Arnesen, norsk polfarar
- 21. juni: Benazir Bhutto, pakistansk statsleiar
- 22. juni: Cyndi Lauper, USA-amerikansk songar og låtskrivar
- 15. juli: Jean-Bertrand Aristide, haitisk statsleiar
- 21. september: Lars Saabye Christensen, norsk forfattar
- 23. september: Åge Hareide, norsk fotballmann
- 1. oktober: Ottar Grepstad, norsk forfattar og målmann
- Grete Waitz, norsk langdistanseløpar
- 6. november: Bentein Baardson, norsk skodespelar og regissør
- 25. november: Gunnar Kvassheim, norsk politikar
- 17. desember: Narve Fulsås, norsk historikar
Døde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde i 1953.
- 1. januar: Hank Williams, amerikansk musikar
- 11. januar: Hans Aanrud, norsk forfattar
- 5. mars: Josef Stalin, leiar av Sovjetunionen
- Sergej Prokofjev, russisk komponist og pianist
- 4. april: Adam Egede-Nissen, norsk politikar
- 16. mai: Django Reinhardt, fransk jazzgitarist
- 21. mai: Ernst Zermelo, tysk matematikar
- 19. juni: Ethel og Julius Rosenberg, amerikanske spiondømde (avretta)
- 30. juni: Elsa Beskow, svensk barnebokforfattar og illustratør
- 19. september: Eirik Vandvik, norsk forfattar
- 28. september: Edwin Hubble, amerikansk astronom
- 30. september: Lewis Fry Richardson, britisk fysikar
- 3. oktober: Arnold Bax, britisk komponist og lyrikar
- 8. november: Ivan Bunin, russisk forfattar
- 9. november: Dylan Thomas, walisisk forfattar
- Ibn Saud, saudisk statsleiar
- 3. november: Francis Picabia, fransk målar
- 27. november: Konrad Nielsen, norsk språkforskar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>