Adagio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Adagio i musikk er ei temposkildring som tyder langsamt. Adagio er seinare enn andante, men raskare enn largo og er typisk ein sats i langsamt tempo i ein symfoni eller ein sonate, særleg andre sats.

Adagio tilsvarar om lag 66–76 slag i minuttet målt med ein metronom.

Døme på ein kjend adagio er Adagio i G-moll av Remo Giazotto, men som feilaktig ofte er tilskriven Albinoni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]