Adam Sandler
Adam Sandler | |
![]() | |
Fødd | 9. september 1966 |
---|---|
Fødestad | Brooklyn |
Fødenamn | Adam Richard Sandler |
Aktive år | 1987– |
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmprodusent, songar, manusforfattar, musikar, skribent, komikar, gitarist, TV-produsent, ansvarlig produsent, komponist, stemmeskodespelar |
Mor | Judy Sandler |
Far | Stanley Sandler |
Ektefelle | Jackie Sandler, Jackie Sandler |
Born | Sadie Sandler, Sunny Sandler |
Prisar | MTV Movie Award for Best Fight, Golden Raspberry Award for Worst Actor, Golden Raspberry Award for Worst Screenplay |
Adam Richard Sandler (fødd 9. september 1966) er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, komikar, produsent og manusforfattar.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Sandler vart fødd i ein jødisk familie i Brooklyn i New York City, men flytte til Manchester i New Hampshire som femåring og voks opp der. Han viste tidleg talent for komedie, og i 1987 debuterte han som skodespelar i situasjonskomedien The Cosby Show der Bill Cosby spelte familiefar. Sandler hadde ei rolle i serien fram til 1988. I 1989 spelte han i sin fyrste spelefilm, Going Overboard der han sjølv var med som manusforfattar. Filmen hadde sjølvbiografiske trekk, då han handla om ein ung komikar som prøvde å gjera karriere i underhaldninga ombord på eit cruiseskip.
Karrieren til Adam Sandler skaut fart på slutten av 1990-talet med filmar som Billy Madison (1995), Happy Gilmore (1996) og Bryllupssangeren (1998). Adam Sandler er i dag ein vellukka skodespelar, som særleg har mange hovudroller i komediar bak seg i karrieren.
Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]
- Going Overboard (1989)
- Billy Madison (1995)
- Happy Gilmore (1996)
- Bryllupssangeren (1998)
- The Waterboy (1998)
- Big Daddy (1999)
- Mr. Deeds (2002)
- Anger Management (2003)
- 50 First Dates (2004)
- Spanglish (2004)
- The Longest Yard (2005)
- Click (2006)
- I Now Pronounce You Chuck & Larry (2007)
- You Don't Mess with the Zohan (2008)
- Bedtime Stories (2008)
- Funny People (2009)
- Grown Ups (2010)
- Just Go With It (2011)
- Zookeeper (2011)
- Jack and Jill (2011)
- That's My Boy (2012)
- Hotel Transylvania (2012)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «Adam Sandler» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2012.