Adama Barrow
| Adama Barrow | |||
| | |||
| Fødd | 15. februar 1965 (61 år) Mansajang Kunda | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Gambia | ||
| Parti | United Democratic Party (2006; november 2016), National Reconciliation Party (2006; 2007), National People's Party (2019) | ||
| Religion | Islam | ||
| Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
| Ektefelle | Fatoumatta Bah-Barrow | ||
| Alle verv | |||
Adama Barrow (fødd 15. februar 1965) er ein gambisk politikar og noverande president i Gambia.[1] Han blei teken i eid ved ein seremoni halden ved den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal den 19. januar 2017, etter at han vann presidentvalet i 2016.[2][3] Retten hans til presidentposten blei omstridd av den føregåande presidenten Yahya Jammeh. Barrow er medlem av partiet United Democratic Party (UDP).[4]
Før presidentkampanjen var han kasserar i UDP og dreiv eit eigedommeklarføretak.[5] Han skipa føretaket, Majum Real Estate, i 2006 etter at han vende heim frå studiane sine i London i England.[6]
21. januar 2017 forlet Jammeh Gambia og drog i eksil etter ei avtale med ECOWAS, slik at maktskiftet kunne halda fram og Barrow blei fullt ut president.[7] Ved presidentvalet i Gambia 2021 blei Barrow gjenvald.[8][9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «'Adama Barrow appears at independent electoral commission today'. In: Website Metroafrique, 9 Nov. 2016». Arkivert frå originalen 2. december 2016. Henta 20. januar 2017.
{{cite web}}: Check date values in:|arkivdato=(hjelp) - ↑ «Gambia crisis: Barrow sworn in in Senegal as Jammeh stays put». BBC News (på engelsk (Storbritannia)). 2017-01-19. Henta 2017-01-19.
- ↑ «Gambia: Why there's political turmoil in this small African nation». Henta 19. januar 2017.
- ↑ Saidykhan, Musa (1. september 2016). «Breaking News: Adama Barrow Is UDP's Candidate». Kairo News (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen 6. oktober 2017. Henta 25. november 2016.
- ↑ «'No drama Adama' Barrow seeks to end Gambia's erratic Jammeh era». Henta 19. januar 2017.
- ↑ «Adama Barrow, the man who ended Jammeh's 22-year rule». Henta 19. januar 2017.
- ↑ BBC News. «Ex-President Yahya Jammeh leaves The Gambia after losing election». BBC News. Henta 22. januar 2016.
- ↑ Emil Eller (6. december 2021), Præsident vinder valget i Gambia - men hans modstander vil ikke acceptere resultatet, DR, henta 6. december 2021
{{citation}}: Check date values in:|access-date=og|date=(hjelp) - ↑ «Gambia elections: Adama Barrow declared presidential election winner», BBC News (på engelsk (Storbritannia)), 2021-12-05, henta 2021-12-05
- Denne artikkelen bygger på «Adama Barrow» frå Wikipedia på dansk, den 12. januar 2024.