Senegal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
République du Sénégal

(norsk: Senegal, senegalesisk)

Det senegalesiske flagget Det senegalesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pincez Tous vos Koras, Frappez les Balafons»
Motto Fransk: Un peuple, un but, une foi
(eit folk, eit mål, ei tru)
Geografisk plassering av Senegal
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Dakar
Styresett
Republikk
Macky Sall
Mohammed Dionne
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
196 722 km² (87.)
2,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
14 668 522 (72.)
74,6 /km² (110.)
Sjølvstende
  - År
Frå Frankrike
1959
Nasjonaldag 4. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
36 300 mill. USD (114.)
2 800 USD (164.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +221
Toppnivådomene .sn


Senegal er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Gambia i vest, Mauritania i nord, Mali i aust og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det ligg sør for Senegalelva med kyst mot Atlanterhavet i vest, og har her kystgrense mot Kapp Verde. Dakar er hovudstaden i landet.

Senegal blei oppretta i 1960 etter oppløysinga av Mali-føderasjonen, som var blitt oppretta av tidlegare franske koloniar i 1959. Den største folkegruppa i landet er wolof-folk, som utgjer rundt 43 % av innbyggjarane. Deretter følgjer fulaniar (ca. 23 %) og sererfolk (ca. 15 %). Dei aller fleste innbyggjarane er muslimar (rundt 94 %), medan eit mindretal er kristne (5 %) eller følgjer tradisjonelle religionar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Senegal

Senegal ligg heilt vest i Afrika, mellom breiddegradene 12° og 17°N og lengdegradene 11° og 18°V. Kapp Verdehalvøya, eller Cap Vert, er det vestlegaste punktet på det afrikanske fastlandet.[1] Her ligg hovudstaden Dakar.

Senegal har kyst mot Atlanterhavet i vest, Mauritania i nord, Mali i aus og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det omsluttar Gambia på alle sider bortsett frå ved den korte gambiske atlanterhavskysten i vest.

Det senegalesiske landskapet omfattar for det meste åslendt sandsletter i vestre Sahel som stig til høgare åsar i søraust. Her ligg det høgaste punktet i Senegal, Baunez-kammen på 648 meter.[2] Nordgrensa blir danna av Senegalelva; andre elvar i landet er Gambia-, Saloum- og Casamance-elva. Elvene har danna breie elvedalar og buktingar.[1]

Senegal omfattar fire økoregionar: Guineansk skog-savanne-mosaikk, sahelsk akasiasavanne, vestsudansk savanne og guineansk mangrove.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kart over Senegal med Köppen-klassifiseringar av klimaet.
Landskap i Casamance

Senegal har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaturane held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april.

Regnmengdene aukar frå nord til sør, og dei nordlege områda av landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og september. I løpet av desse månadene regner det likevel berre 20-30 dagar, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 300-350 mm. I sør aukar den årlege nedbøren til mellom 1000 og 1500 mm, og det regner om lag 60-90 dagar i regntida. Her strekkjer regntida seg inn i oktober. Dakar ligg mellom desse to områda og har ein årleg nedbørsnormal på 542 mm. Dei nordlege områda av Senegal ligg i utkanten av Sahara, og er eit tørt område.

I tørketida blæs det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og han kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lægre i denne tida, og temperaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lægre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forhistorisk og førkoloniell tid[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn i området viser at Senegal blei folkesett i forhistorisk tid og truleg har vore kontinuerleg folkesett av ulike folkegrupper. Det oppstod fleire rike rundt 600-talet. Takrur blei danna på 900-talet og Namandiru og Jolof-riket på 1200- og 1300-talet. Aust-Senegal var ein gang ein del av Ghana-riket.

Islam blei innført gjennom at toucouleur- og soninkefolk hadde kontakt med Almoravidedynastiet i Maghreb, og blei spreidd av allierte grupper. Denne utviklinga møtte motstand frå grupper som følgde tradisjonelle religionar, særleg frå sererfolk.[4][5]

På 1200- og 1300-talet kom området under påverknad av rika i aust; Jolofriket blei òg grunnlagt på denne tida. I Senegambia-regionen, mellom 1300 og 1900, var nær ein tredel av befolkninga slavar, som regel etter å bli tatt til fange i krigføring.[6]

På 1300-talet blei Jolofriket mektigar etter å ha sameint Cayor og kongerika Baol, Siné, Saloum, Waalo, Futa Tooro og Bambouk, det vil seia store delar av dagens Vest-Afrika. Riket var ein frivillig konføderasjon av ulike statar heller enn å byggja på milirær erobring.[7][8] Det blei skipa av Ndiadiane Ndiaye, som var dels serer[9][10] og dels toucouleur, og klarte å skipa ein koalisjon mellom mange folkegrupper. Det fall saman rundt 1549 då Lele Fouli Fak blei overvunnen og drepen av Amari Ngone Sobel Fall.

Kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Det portugisiske imperiet var den fyrste europeiske makta til å kolonisera Senegal. Dette byrja då Dinis Dias kom til Gorée i 1444 og enda i 1888, då portugisarane overgav Ziguinchor til Frankrike.

På midten av 1400-talet gjekk portugisarar i land ved kysten av dagens Senegal, følgd av handelsfolk frå andre land, mellom anna Frankrike.[11] Ulike europeiske makter — Portugal, Nederland og Storbritannia — kjempa om handel i området frå 1400-talet og seinare. Nederlendarane tok kontroll over øya Gorée, nær den moderne storbyen Dakar, på 1500-talet. Franskmennene slo seg ned på øya Saint-Louis ved utløpet av Senegalelva i 1659.[1]

I 1677 fekk Frankrike kontroll over Gorée. Øya var blitt eit mindre avgangspunkt i den atlantiske slavehandelen, og blei brukt som base for å kjøpa slavar frå krigande smårike på fastlandet.[12][13]

Franske slavehandlarar på Gorée på 1700-talet

Europeiske misjonærar innførte kristendommen til Senegal og Casamance på 1800-talet. Det var fyrst på 1850-talet at franskmennene byrja å trenga inn i innlandet, etter at dei avskaffa slaveriet og byrja å innføra ein abolisjonismedoktrine.[14] Dei fekk kontroll over rike som Waalo, Cayor, Baol og Jolof. Under guvernør Louis Faidherbe tok franskmennene over alle rika bortsett frå Siné og Saloum.[7][15]

I 1895 blei området del av Fransk Vest-Afrika. Det fekk sin eigen administrasjon i 1904.[1]

25. november 1958 blei Senegal ein sjølvstyrande republikk i Det franske fellesskapet.[16]

Saint Louis rundt 1900. Europearar og afrikanarar langs Rue Lebon.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Den kortlivde Maliføderasjonen.

I januar 1959 gjekk Senegal og Fransk Sudan saman og blei til Maliføderasjonen, som blei sjølvstendig frå Frankrike 20. juni 1960 etter ein avtale om maktoverføring underskriven 4. april 1960. Indre politisk spenning gjorde av føderasjonen braut saman allereie 20. august 1960 då Senegal og Fransk Sudan (omdøypt til Republikken Mali) begge erklærte sjølvstende.

Léopold Sédar Senghor, ein internasjonalt kjend diktar og statsmann, blei vald til den fyrste presidenten i Senegal i august 1960. Senghor var ein forkjempar for ei form for afrikansk sosialisme.[17]

Etter oppløysinga av Maliføderasjonen, styrte president Senghor og statsminister Mamadou Dia saman under eit parlamentarisk system. I desember 1962 førte den politiske rivaliseringa deira til eit kuppforsøk av statsminister Dia. Kuppet blei stoppa utan blodsutgyting, og Dia blei arrestert og fengsla. Senegal innførte ein ny grunnlov som konsoliderte makta til presidenten.

Senghor var betydeleg meir tolerant for opposisjon enn dei fleste afrikanske leiarar var på 1960-talet. Likevel var den politiske aktiviteten i landet ganske avgrensa ei tid. Partiet til Senghor, den senegalesiske progressive unionen (no sosialistpartiet i Senegal), var det einaste lovleg tillatne partiet frå 1965 til 1975. Det siste året tillét Senghor danninga av to opposisjonsparti som starta verksemda si i 1976 — eit marxistisk parti (African Independence Party) og eit liberalt parti (Det senegalesiske demokratiske partiet).

På 1960- og byrjinga av 1970-talet var det stadige, vedvarande brot på grensene til Senegal av det portugisiske militæret frå Portugisisk Guinea. Senegal gjekk til tryggingsrådet i SN og fekk resolusjonar kring åtaka i 1963, 1965, 1969, 1971 og 1972. Staten Guinea blei skipa i 1972 og fekk sjølvstende to år seinare.

1980 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 1980 bestemte president Senghor seg for å trekka seg tilbake. Året etter overførte han makta til sin utpeikte etterfølgjar, Abdou Diouf. Den tidlegare ministeren Mamadou Dia, ein rival av Senghor, stilte til val i 1983, men tapte mot Diouf. Senghor flytta til Frankrike, der han døydde 95 år gammal.

Senegal gjekk saman med Gambia den 1. februar 1982 og forma konføderasjonen Senegambia. Denne blei oppløyst att i 1989. Ei sørleg separatistgruppe (Rørsla av demokratiske styrkar i Casamance, MFDC) i Casamance-regionen har trass fredssamtalar hatt sporadiske trefningar med styresmaktene sidan 1982. Tidleg på 200-talet har valden gått tilbake og president Macky Sall hadde samtalar med opprørarane i Roma i 2012.[18]

Abdou Diouf var president frå 1981 til 2000. Han oppmuntra til breiare politisk deltaking, reduserte engasjementet til regjeringa i økonomien og utvida det diplomatiske engasjementet til Senegal, særleg i høve til andre utviklingsland. Innarikspolitiskke konfliktar førte nokre gangar til gatevald, grensespenningar og ei valdeleg separatistrørsle i den sørlege regionen Casamance. Likevel blei det senegalesiske engasjementet for demokrati og menneskerettar styrka. Abdou Diouf sat som president i fire periodar.

Ved presidentvalet i 1999 overvann opposisjonsleiaren Abdoulaye Wade Diouf i eit val som blei rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Senegal opplevde sin andre fredelege maktovergang, og den fyrste frå eit politisk parti til eit anna. Den 30. desember 2004 kunngjorde president Wade at han ville signera ein fredsavtale med separatistgruppa i Casamance-regionen. Dette er likevel enno ikkje implementert. Det var ein forhandlingsrunde i 2005, men førte ikkje fram til ei endeleg løysing.

I mars 2012 tapte president Abdoulaye Wade presidentvalet, og Macky Sall blei vald til ny president i Senegal.[19] Sall blei gjenvald i 2019. Presidentperioden blei redusert frå sju år til fem.[20]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Senegal frå 1960 til 2016

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Senegal har eit folketal på rundt 15,9 millionar. Rundt 42 prosent av dei budde på landsbygda.

Dakar er den største byen i landet, med over to millionar innbyggjarar.[21] Den nest folkerikaste byen er Touba, som de jure er eit communaute rurale (landleg kommune), men har over ein halv million innbyggjarar.[21] Deretter følgjer Pikine, Kaolack, M'Bour og Rufisque.

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Det bur fleire ulike folkegrupper i Senegal, og som i dei fleste andre vestafrikanske landa er fleire språk utbreidde her. Woloffolk er den største einskilde folkegruppa, med 43 % av innbyggjarane i landet; fulaniar[a] og toucouleurfolk (også kjende som halpulaar'en, bokstaveleg 'pulaar-talarar') er den nest største gruppa med 24 %, og deretter følgjer sererfolk med 14,7 %,[22] jolafolk med 4 %, mandinkafolk med 3 %, maures eller naarkajors, soninkefolk, bassarifolk og fleire mindre grupper med 9 %. Det bur rundt 50 000 folk av europeisk opphav, hovudsakleg fransk, i landet. Det finst også mindre grupper av andre innvandrarar, der libanesarar er ei viktig gurppe.[23] Det finst også titusentals flyktningar frå Mauritania, hovudsakleg nord i landet.[24]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Gruvedrift, bygg og anlegg, turisme, fiske og jordbruk er dei viktigaste næringane i Senegal. Landet har naturressursar som jern, zirkon, gass, gull, fosfat og petroleum. Rundt 70 prosent av arbeidstakarane i landet driv med jordbruk (2013). Ein dyrkar avlingar som peanøtter, mais, hirse, ris, durra, maniok, søtpotet, sukkerrøyr, tomat, grønnsaker og bomull. Av husdyr driv ein mellom anna med storfe, svin, sau, geit og høns.[1]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Fransk er offisielt språk, og er utbreidd i utdanningssystemet. Dei fleste innbyggjarane snakkar også eit anna morsmål, medan wolof er utbreidd som lingua franca, særleg i Dakar.[25] Pulaar blir snakka av fulaniar og toucouleur. Serer er utbreidd blant både sererfolk og ikkje-serefolk; canginspråk er også utbreidde blant sererfolk. Jolaspråk er utbreidde i Casamance. Totalt finst det rundt 39 ulike språk i Senegal. Fleire av dei har offisiell status som nasjonalspråk: Balanta-ganja, arabisk, jola-fonyi, mandinka, mandjak, mankanya, noon (serer-noon), oulaar, serer, soninke og wolof.

Portugisisk kreol, lokalt kjent som portuguisisk, er eit viktig minoritetsspråk i Ziguinchor, regionshovudstaden i Casamance. Innbyggjarar med tilknyting til Kapp Verde snakkar eit liknande språk, Kapp Verde-kreol, og standardportugisisisk. Portugisisk blei innført i den vidaregåande utdanninga i Senegal av president Léopold Sédar Senghor i 1961. Det kan i dag brukast i det meste av Senegal, men er mest utbreidd i Casamance, der det er knytt til lokal lokal kulturell identitet.[26]

Luftbilde av Yoff kommune i Dakar

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Senegal er velkjend for den vestafrikanske tradisjonen av historieforteljing som blir utført av griotar. Dei har halde vestafrikansk historie i live i tusenvis av år gjennom ord og musikk. Griot-yrket går i arv generasjon til generasjon og krev årevis med opplæring og læretid innan slektsforsking, historie og musikk.[11]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Kysten mot Atlanterhavet gjer fisk til ein viktig del av senegalesisk mattradisjon. Kylling, lam, erter, egg og storfe blir også brukte i senegalesisk matlaging, men ikkje svin, ettersom dei flester her e muslimar. Peanøtter er den viktigaste avlinga i Senegal, og blir brukte i mange ulike oppskrifter i lag med couscous, ris, søtpotet, linser, svartaugebønner og ulike grønsaker. Typisk tilreier ein kjøt og grønsaker som stuing eller marinert i urter og krydder. Dette blir så helt over ris eller couscous, eller ete med brød.

Populære ferske jusar blir laga av bissap (hibiskus), ingefær, buy (frukta av baobab), mango eller andre frukttre (som corossol, frukta av Annona muricata). Dessertar er søte og mektige, og kombinerer lokale ingrediensar med ekstravaganse og stil avleidd frå fransk påverknad.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Koraspelar frå Senegal

Senegal er kjent i heile Afrika for musikken sin, særleg gjennom musikkstilen mbalax, som oppstod frå perkusjonstradisjonar som njuup, og blei popularisert av Youssou N'Dour, Omar Pene og andre. Sabartromming er særleg populært, og blir framført ved særskilde høve som bryllaup. Eit anna instrument er den «talande tromma» tama. Andre senegalesiske artiaster som er kjende internasjonalt er Ismael Lô, Cheikh Lô, Orchestra Baobab, Baaba Maal, Akon, Thione Seck, Viviane, Fallou Dieng Titi, Seckou Keita og Pape Diouf.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Senegalesisk bryting

Senegalesarar tar del i mange idrettar. Bryting og fotball er dei mest populære. Dakar er vald ut som vertskap for Ungdoms-OL 2026, noko som vil gjera Senegal til det fyrste afrikanske landet til å husa ei olympisk tilstelling.[27][28]

Tradisjonell senegalesisk bryting er den mest utbreidde idretten i landet.[29] Han er blitt ei nasjonal dille, og ein veg ut av fattigdom for mange unge menn.[30]

Basketball er ein annan populær sport, og Senegal har tradisjonelt vore ein viktig afrikansk deltakar i sporten. Senegal var ein pioner i verdsdelen, og skipa ein av dei fyrste ligaene i Afrika.[31]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. fransk Peul; fulfulde Fulɓe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Thuesen, Nils Petter; Vibe, Vegard (7. desember 2021). «Senegal». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Senegal High Point». SRTM. 
  3. Dinerstein, Eric; et al. (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014. 
  4. Klein, Martin A., Islam and Imperialism in Senegal: Sine-Saloum, 1847–1914, p. 7, Edinburgh University Press (1968) ISBN 0-8047-0621-2
  5. Gravrand, Henry, La civilisation Sereer, Pangool, p. 13. Dakar, Nouvelles Editions Africaines (1990), ISBN 2-7236-1055-1
  6. "Slavery", Encyclopædia Britannica's Guide to Black History Arkivert 6 October 2014 ved Wayback Machine.
  7. 7,0 7,1 Charles, Eunice A. Precolonial Senegal: the Jolof Kingdom, 1800–1890. African Studies Center, Boston University, 1977. p. 3
  8. Ham, Anthony. West Africa. Lonely Planet. 2009. p. 670. ISBN 1-74104-821-4
  9. Research in African literatures, Volume 37. University of Texas at Austin, p. 8. African and Afro-American Studies and Research Center, University of Texas (at Austin) (2006)
  10. Diop, Cheikh Anta & Modum, Egbuna P. Towards the African renaissance: essays in African culture & development, 1946–1960, p. 28. Karnak House (1996). ISBN 0-907015-85-9
  11. 11,0 11,1 Eric S. Ross, Culture and Customs of Senegal, Greenwood Press, Westport, CT, 2008 ISBN 0-313-34036-6
  12. «Goree and the Atlantic Slave Trade». h-net.org. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 23. februar 2017. 
  13. Les Guides Bleus: Afrique de l'Ouest (1958 utg.), s. 123
  14. Bruce Vandervort (25 October 2004). «Senegal in 1848». ohio.edu. Arkivert frå originalen 27. mars 2021. Henta 27. mars 2021. 
  15. Klein, Martin A. Islam and Imperialism in Senegal: Sine-Saloum, 1847–1914, Edinburgh University Press (1968). s. X ISBN 0-8047-0621-2
  16. «Senegal». The New York Times. 15 July 2004. Arkivert frå originalen 27. mars 2021. Henta 27. mars 2021. 
  17. A Critical bibliography of French literature: in three parts. The Twentieth. Red. David Clark Cabeen, Richard A. Brooks, Douglas W. Alden
  18. "Uppsala Conflict Data Program: Senegal: Casamance, In-depth Developments since 2005", Conflict Encyclopedia
  19. «Senegal proud of peaceful election after Macky Sall win». BBC News. 26. mars 2012. Henta 27 June 2021. 
  20. «Senegal election: President Macky Sall wins second term». BBC News. 28. februar 2019. Henta 27. juni 2021. 
  21. 21,0 21,1 Agence Nationale de la Statistique et de la Démographie (2005). «Situation économique et sociale du Sénégal» (PDF) (på fransk). Government of Senegal. Arkivert frå originalen (PDF) 25. juni 2008. Henta 18. november 2008. 
  22. Gambia. CIA. The World Factbook
  23. Senegal (09/08), U. S. Department of State, arkivert
  24. «Boost for the reintegration of Mauritanian returnees». UNHCR News. 26. november 2008. Henta 12. januar 2010. 
  25. National African Language Research Center, Wolof, Madison: University of Wisconsin 
  26. José Horta (12–25. april 2006). «A Língua Portuguesa no Senegal». Instituto Camões. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 10. desember 2014. 
  27. «Senegal to be 1st African Olympic host at 2022 Youth Games». Washington Post. Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 10. september 2018. 
  28. «Senegal first African nation to host an Olympic event». www.aljazeera.com. Henta 10. september 2018. 
  29. «Sports in Africa: Communication and Media». Ohio University. Henta 3. april 2015. 
  30. Skelton, Rose; Werman, Marco (9. juni 2011). «Wrestling As a Solution to Poverty in Senegal». PRI. Henta 3. april 2015. 
  31. Nxumalo, Lee (20. desember 2020). «Basketball's next frontier is Africa». New Frame. Henta 11. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Senegal