Adaptivt immunforsvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antistoffmolekyl

Adaptivt eller tileigna immunforsvar er den delen av immunforsvaret hjå ryggradsdyr som tilpassar seg dei spesifikke patogena som kjem inn i kroppen, til skilnad frå det medfødde immunforsvaret. Det er danna av B-seller, T-seller og antistoff.

Det adaptiver immunforsvaret er sterkare enn det medfødde, men treng fleire dagar frå den fyrste kontakten med patogenet før det gjer seg gjeldande. Då vil utvalde B- og T-seller ha mogna og øksla seg ved selledeling til ein sterk og fokusert immunrespons som er nøye tilpassa patogenet. Ein annan viktig eigenskap med det apative immunforsvaret er det immunologiske minnet. Det adaptive immunforsvaret kan verka snøggare og sterkare ved seinare infeksjonar av det same patogenet, noko som er grunnlaget for vaksinering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]