Patogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
a) Glykoproteinet CD4 er assosiert med hjelparceller og T-celler. Eit ekstracellulært patogen vert handsama i sambindinga til eit klasse II MHC-molekyl, og samspelet vert styrkt av CD4-molekylet. b) CD8 er assosiert med cytotoksiske T-celler. Eit intracellulært patogen er vist som eit klasse I MCH-molekyl, som samspelar med CD8.

Eit patogen (frå gresk πάθος pathos «liding, lidenskap» og -γενής -genēs «skapar av»), i si eldste og vidaste tyding, er noko som kan skape sjukdom.[1] Omgrepet er oftast nytta for å skildre ein infeksiøs agens (på folkemunne kjent som ein bakterie) — ein mikroorganisme, bakterie, sopp eller protozo som fører til sjukdom i verten. Verten kan vere eit dyr, ei plante, ein sopp eller ein annan mikroorganisme.[2]

Patogenet kan invadere verten på fleire måtar. Hovudmåtane har ulike episodiske tidsrammer, men jordureining har det lengste og mest vedvarande potensialet for å huse patogen. Organismar som skapar sjukdom i menneske vert skildra som «sjukdomsframkallande». Nokre av sjukdommane som kjem frå virale patogen er koppar, influensa, kusma, meslingar, vasskoppar, ebola og raude hundar.

Ikkje alle patogen er naudsynleg uheldige for menneske. I entomologi går patogena under éin av dei tre «P-ane» (predatorar, patogen og parasitoidar) som virkar som naturlege eller introduserte biologiske kontrollar som undertrykkjer skadedyr, særleg leddyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]