Adele av Champagne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adele av Champagne
Adela Champagne.jpg
Dronning av Frankrike
Regjeringstid113712041154-1160
Føddca. 1140
FødestadBlois
Død4. juni 1206
DødsstadParis
GravstadPontigny Abbey
FøregangarConstance av Castilla
EtterfølgjarIsabella av Hainaut
Gift medLudvig VII av Frankrike
DynastiHouse of Blois
FarTheobald II, greve av Champagne
MorMatilda of Carinthia
Bornmed Ludvig VII:

Adele av Champagne (ca. 11404. juni 1206), også kjend som Adèle, Adelaide og Alix, var den tredje kona til kong Ludvig VII av Frankrike og mor til den einaste mannlege arvingen hans, den framtidige Filip II August. Ho var dotter av Theobald II av Champagne og Matilda av Kärnten.

Adele var aktiv i det politiske livet i landet, saman med brørne sine Henrik I av Champagne, Theobald V av Blois og Guillaume aux Blanches Mains, erkebiskop av Reims. Henrik og Theobald var gift med døtrene til Ludvig VII og den første kona hans, Eleanora av Aquitaine.

Miniatyrmåleri som framstiller fødselen til Filip II.

Eleanora og brørne hennar følte at deira stilling var truga då arvingen av Artois, Isabella av Hainaut, blei gift med Adele sin son, Filip. Adele gjekk i allianse med Hugo III, hertug av Burgund, og greve Filip av Flandern, og prøvde sjølv å interessera Fredrik Barbarossa. Det braut ut krig i 1181, og forholda blei så dårlege at Filip prøvde å få skilsmisse frå Isabelle i 1184.

Sjølv om makta til Adele minska etter at Filip blei konge i 1180, fungerte ho som regent av kongedømet i 1190, då Filip blei med på det tredje krosstoget. Ho kom i skuggen igjen då han kom tilbake i 1192, men deltok i opprettinga av fleire kloster.

Adele døydde den 4. juni 1206, og blei gravlagd i klosterkyrkja i Pontigny nær Auxerre.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Adele hadde to barn med kong Ludvig VII av Frankrike:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gislebert av Mons: Chronicon
  • Gobry, Ivan: Louis VII Le Jeune, Pygmalion 2002
  • Gobry, Ivan: Les Capétiens – 888-1328, Tallandier 2001