Adurelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adur
elv
River Adur below Wineham.JPG
Adur, nedanfor Wineham Bridge
Land Flag of England.svg England
Grevskap Sussex
Tilløp
 - venstre Lancing Brook (nær Shipley)
 - høgre Cowfold Stream
Kjelde Western Adur
 - stad Slinfold
Sekundærkjelde Eastern Adur
 - stad Ditchling Common
Wikimedia Commons: River Adur

Adur er ei elv i Sussex, England. Ho har gjeve namn til distriktet Adur i West Sussex.

Elva har utspringet sitt omkring sju kilometer sør for Horsham. Ho renn forbi Coolham, Shipley, West Grinstead og Ashurst. Rett etter Ashurst renn ei sideelv inn i Adur, som så renn vidare forbi Henfield.

Elva var tidlegare farbar for større fartøy opp til Steyning, der det låg ei større hamn. Etterkvart vart ho så mudra att at hamna vart flytta til Shoreham-by-Sea, nær elvemunningen. Det er tidvatn nesten atten kilometer innover frå sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]