Advokat med møterett for Høgsterett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franske advokatar, slik den franske kunstnaren Honoré Daumier (1808-1879) såg dei.

Advokat med møterett for Høgsterett er ein uoffisiell tittel som blir brukt av og om advokatar som har fått rett til å føre saker (prosedere) for Høgsterett. Ordninga med løyve til å møte for Høgsterett skal sikre at dei advokatane som møter for Høgsterett er kompetente, då dei sakene som kjem til førehaving for Høgsterett vanlegvis er av ein type der avgjerdene vil kunne få verknad ut over den einskilde saka ved å danne mønster for korleis liknande saker skal avgjerast i framtida.

For å få slik møterett, må advokaten ha gyldig advokatløyve, ha yrkespraksis av ein fastsett art, og godtgjere å vere skikka til å føre saker for Høgsterett ved fyrst å føre to prøvesaker for Høgsterett på ein akseptabel måte. Alle dei høgsterettsdomarane som har vore med å dømme i dei sakene som søkeren har utført, avgjer om prøven skal godtakast, og i så fall skriv formannen i Høgsterett ut vitnemål om dette. Den som ikkje står til denne prøven, kan ikkje prøve seg på nytt før etter at to år er gått fra Høgsterett gjorde si avgjerd. Meir enn to gonger kan ein ikkje gå opp til slik prøve. Reglane framgår av domstollova.

Dei som har fått slik møterett, titulerer seg sjølv som «advokat med møterett for Høgsterett», eller «advokat (H)». «Advokat med møterett for Høgsterett» er ingen offisiell tittel etter lova, men ein praktisk måte for dei aktuelle advokatane å fortelje omverda at dei har møterett for Høgsterett. Advokatar som ikkje har slike møterett, kan berre føre saker for tingrettane og lagmannsrettane.

Høgsterettsadvokat[endre | endre wikiteksten]

Høgsterettsadvokat (som ofte er forkorta h.r.advokat) var fram til 1978 den offisielle tittelen i domstollova på ein advokat som hadde møterett for Høgsterett. Denne tittelen vart avskaffa ved lovendring i 1977. Men dei som allereie hadde tittelen fekk nytte han framleis om dei ynskte det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]