Aegidius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå og heilage Egidius
Aegidius
Fødd5. hundreåret
FødestadLyon
Død464
DødsstadSoissons
KonfliktarBattle of Arelate

Aegidius (død 465) var ein romersk general og magister militum i Gallia. Aegidius gjorde opprør i 461 då keisar Majorian blei avsett og avretta av Ricimer, magister militum i Italia. Ricimer utropte ein marionett, Libius Severus til keisar og avstod Narbonne til visigotarane mot at desse tok seg av Aegidius. Aegidius sigra over visigotarane i eit slag ved Orléans i 463, kanskje med støtte frå den frankiske kongen Childerik I. Med base i Soissons styrte Aegidius delar av nordre Gallia i revolt mot keisaren i Roma fram til han blei snikmyrda hausten 465. Sonen til Aegidius, Syagrius, arvet faren sin maktbase i Soissons og fortsette å styre området som ein slags gallisk-romersk konge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]