Orléans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orléans
Byvåpenet til Orléans
Byvåpenet til Orléans
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Loiret
Geografi
Flatevidd 27,48 km²
Flatevidd
 - By

27,48 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

113 126
  4 117/km²
Koordinatar 47°54′11″N 01°54′18″EKoordinatar: 47°54′11″N 01°54′18″E
Høgd over havet 116 m
Diverse anna
Heimeside: https://www.orleans-metropole.fr
Nettstad: www.orleans.fr
Plassering

Orléans er ein by sentralt i nordlege delar av Frankrike, om lag 130 km sørvest for Paris. Han ligg ved elva Loire der ho vender sørover mot Massif Central.

Byen har om lag 115 000 innbyggjarar. Han er prefecture (hovudstad) i departementet Loiret og hovudstad i regionen Centre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orléans vart grunnlagd som ein gallisk bystat av den keltiske stamma Carnutes kalla Cenabum. Han vart grunnlagd på ny i 275 av den romerske keisaren Aurelian som gav han namnet Aurelianum etter seg sjølv. I 451 prøvde Attila å erobre og plyndre byen, men vart drive vekk av ein hær kommandert av Theodoric, konge av vestgotarane, og den romerske generalen Aëtius i siste augneblikk.

Han var hovudstad for den merovingiske kongen Clodomir (Clodmer) frå 511 til 524, i det som seinare vart kjend som kongedømet Burgund.

Omleiringa av Orléans i 1428-1429 markerte vendepunktet i Hundreårskrigen. Jeanne d'Arc fekk omdømet sitt her då ho fjerna omleiringa berre ni dagar etter at ho kom dit.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

New Orleans (opphavleg La Nouvelle-Orléans) er kalla opp etter byen Orléans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orléans