Affrikat
Utsjånad
Affrikat er ein konsonantlyd som har to fasar. Etter ein plosiv der luftstraumen blir heilt avstengd følgjer ein forlenga opningsfase, noko som gir ein frikativ, på same artikulasjonsstad.[1]
Døme på affrikat:
- [pf], som i tysk Pferd
- [ʦ], som i tysk Zahl, italiensk pizza, japansk tsunami
- [ʧ], som i engelsk child, italiensk ciao
- [ʨ], som i finlandssvensk tjock
- [ʤ], som i engelsk join
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Roach, Peter (2009). «English Phonetics and Phonology Glassary» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. april 2015.