Finlandssvensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over svenske dialektar i Finland.

Finlandssvensk er eit fellesnamn på dei ulike austsvenske dialektane som finlandssvenskane talar. Svensk er morsmål for 290 977 (2012) i Finland, av ein samla folkesetnad på 5 426 674 (2012), og med det 5,4 % av heile folkesetnaden.[1]Åland er 25 000 svensktalande (94 prosent av ålendingane), men ålandsk er nærmare i slekt med upplandsk enn med finlandssvensk.

Byane Helsingfors, Esbo, Raseborg, Borgå og Vasa har 35,9 % av den finlandssvenske folkemengda.

Svensk er offisielt språk på Åland og eitt av Finlands to offisielle språk.

Finland har ni svenskspråklege aviser, og den statlege kringkastaren Yle har ein svenskspråkleg TV-kanal og to svenskspråklege radiokanalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tabell: Befolkningen efter språk samt antalet utlänningar och landareal efter område 1980 - 2012 Arkivert 23. mars 2015 på Wayback Machine. , Statistikcentralen