Afrikansk pygmémus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Afrikansk pygmémus

Status i verda: LC Livskraftig

Mus musculoides, ein svært nær slektning av Mus minutoides
Mus musculoides, ein svært nær slektning av Mus minutoides

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Muridae
Slekt: Mus
Art: M. minutoides
Vitskapleg namn
Mus minutoides

(også Mus kasaicus, Cabrera, 1924)

A. Smith, 1834

Afrikansk pygmémus (Mus minutoides) er ein art i museslekta som er blant dei minste gnagarane i verda. Musa lever i sørlege, austlege og sentrale delar av Afrika, med ein glidande overgang til arten Mus musculoides. Nokre biologar reknar M. minutoides og M. musculoides som same art.

Levområde[endre | endre wikiteksten]

Afrikansk pygmémus lever i ulike habitat i subtropisk klimaområde opp til 2 400 moh. Det er funne eksemplar av arten i fynbos-habitat, savanne, grasland, steinur, vassdrag, brakkland og bynære område. Dei kjem sjeldan inn i husvere. Gnagaren er heimehøyrande i Angola, Malawi, Mosambik, Sør-Afrika, Swaziland, Zambia og Zimbabwe. I Tanzania, Sør-Sudan og Kongo finst ein overgang til Mus musculoides som ikkje er ferdig kartlagd.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pygmémusa kan ha ulike pelsfargar, men er som regel raudbrun på ryggen og lys beige eller nærast kvit på buken. Ho blir omkring 45-88 mm lang og veg gjerne 2,5-12 gram (typisk 5-6 g). Halen målar ca. 28-63 mm. Afrikansk pygmémus er dermed truleg mindre enn den norske dvergmusa.

Afrikansk pygmémus blir kjønnsmoden når ho er ca. 4 veker gammal. Hoa vil deretter bli brunstig kvar 4.-6. dag. Brunsten varer i ca. 24 timar. Om hoa blir drektig vil ho normalt føda 2-8 ungar etter 20-21 dagar. Ungane blir fødde hårlause og blinde. Augo opnar seg etter rundt ei veke.

Afrikansk pygmémus er eit typisk flokkdyr. Musa er mest nattaktiv og har ein tendens til å hamstra føde. Ho går godt å halda i fangenskap, og er kjend som kjæledyr fleire stader. Sidan musa er så liten, kan ho ikkje haldast fordi ho då lett kan skadast. Levetida er rundt 2 år i fangenskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Mus minutoides

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Monadjem, A. 2008. Mus minutoides, IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2012.2. <www.iucnredlist.org>. Lasta ned 4. mai 2013.