Gnagarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gnagarar
Ekorn (Scirius vulgaris)Ekorn (Scirius vulgaris)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Bowdich, 1821
Familiar
Ekornfamilien Sciuridae
Beverfamilien Castoridae
Hoppemusfamilien Dipodidae
Hamsterfamilien Cricetidae
Musefamilien Muridae
Sumpbeverfamilien Myocastoridae

Gnagarar (latin Rodentia) er ein orden av pattedyr som er særprega ved dei to kraftige fortennene i overkjeven. Tidlegare rekna ein òg haredyra til gnagarane under overordenen Glires, men ein har gått bort frå dette synet i nyare tid.

Til gruppa høyrer omkring 1 500 beskrivne artar fordelt på 30 familiar. I Noreg førekjem 18 artar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Gnagarane sitt fremste kjenneteikn er framtennene deira, som er tilpassa gnaging og veks heile livet. Hjå brunrotte Rattus norvegicus veks dei så mykje som 2,7 mm i veka. Dei er dekt med hard emalje berre på framsida, så når dei vert brukt får dei ein kvass egg som gjer dei til effektive gnagereiskapar. Ulike grupper nyttar dei til ulike føremål. Mønsteret i emaljen kan vera nyttig når ein skal bestemma artar.

Dyra i gruppa er kompakt bygde og har oftast korte bein. Dei er sålegjengarar og er elles særs varierte i kroppsbygging; særleg halen. Berre i Noreg er spennet breitt; artar som bever, ekorn, dei ulike rottene og lemenet har vidt ulike former på halen sin.

Den største gnagaren i verda i dag er flodsvinet, som kan vega over 60 kg og lever i våtmarker i Sør-Amerika. Dei langt fleste gnagarar er likevel smågnagarar som oftast veg mindre enn 100 gram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Semb-Johansson, Arne (red): Norges dyr - pattedyrene 3 Cappelen 1990