Hopp til innhald

Agder folkehøgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agder folkehøgskole
MottoLove What You Do! - Do what you love
Org.nummer973256106
KommuneKristiansand kommune
Kart
Agder folkehøgskole
58°04′52″N 7°50′32″E / 58.081°N 7.8422°E / 58.081; 7.8422

Agder Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule i Kristiansand kommune i Agder fylke.[1]

Det er Agder Høgskolelag som eig og driv skulen. Laget er danna av Agder folkehøgskoles venneforening, Kristiansand kommune og Agder fylke.[2]

Skulen ligg ved skjergarden i Søgne, innanfor Ny-Hellesund. Agder Folkehøgskole har ca. 120 elevplassar, og ein kan velja om ein vil bu i enkelt- eller dobbelthybel. Elevane bur på internatet til skulen. Hovudinternatet er delt opp i 6 delar fordelte på 3 etasjar. I tillegg bur nokre elevar i leilegheiter og på kurssenteret til skulen, populært kalla hotellet.

I skuleåret 2024/2025 har folkehøgskulen følgjande linjer:

  • Checkpoint Charlie - ei reise i europeisk historie
  • Biologi og Naturglede
  • Film- og Videoproduksjon
  • Friluftsliv og Foto
  • Global Utvikling
  • Kunst - kultur
  • Norwegian Language and Culture
  • Reiseliv NaturAktiv
  • Reiseliv og Utvikling
  1. «Agder Folkehøgskole - Den frilynte folkehøgskolen i Kristiansand». agder.fhs.no. Henta 12. juli 2024. 
  2. «Om skolen». Agder folkehøgskole. Henta 31. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]