Agder fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Agder» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Agder (fleirtyding).
Agder fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Kristiansand
Areal 16 434 km²
 - land 15 059 km²
 - vatn 1 375 km²
Folketal 303 754 (1. januar 2018)
Folketettleik 20 / km²
Fylkesnummer 42
Norway Counties Agder Position.svg
Wikimedia Commons: Agder
Nettstad: www.agderfk.no

Agder er eit fylke sør i Noreg. Det blei oppretta 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Administrasjonen i fylket er lagt til Kristiansand, medan fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet har sete i Arendal.

Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Det består i aust av Skagerrak-kysten frå Gjernestangen aust for Risør til Lindesnes og vidare vestover Nordsjø-kysten til munningen av Sireåna. Noregs sørlegaste punkt, skjeret Pysen, ligg i Agder søraust for Mandal. Det sørlegaste punktet på fastlandet ligg ytst på Lindesnes-halvøya. Innanfor kysten er Agder prega av område med skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde. Fylket grensar i nordaust og aust til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.

Namnet Agder (norrønt Agðir eller Egðafylki) har uviss tyding. Det kan vere ei avleiing av ǫgd, «vere skarp». Namnet skulle då tyde 'landet som stikk ut i havet’. Etter ei anna oppfatning heng namnet saman med norrønt agi, «sjøgang». I så fall tyder namnet «landet ved det urolege havet». Folket i Agder blir kalla egd, norrønt egð i eintal, og egder, norrønt egðir, i fleirtal.

Fylkesvåpenet er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Dette er basert på fylkesvåpena til dei to tidlegare fylka. Motivet er frå fylkesvåpenet til Vest-Agder, som hadde eit gult eiketre på grøn botn, medan fargane er frå fylkesvåpenet til Aust-Agder, som hadde to horisontale gullbjelkar på djup raud botn. Eiketreet, motivet til Vest-Agder, er eit typisk treslag i Agder, og bjelkane i fylkesvåpenet til Aust-Agder symboliserer den tradisjonelle trelasthandelen i fylket, særleg med furu.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Sandnesfjorden i Risør
Setesdal ved Flateland nord for Valle

Berggrunnen i Agder fylke består av grunnfjell som ved kysten utgjør eit lågt, men likevel til dels sterkt kupert landskap, og som nordover hevar seg gradvis. Vel 100 kilometer frå kysten går det over i eit høgfjellslandskap over 1000 meter over havet. Lengst nord utgjer dette ein del av Ryfylkeheiane/Setesdalsheiane og Austheiane, høvesvis vest og aust for Setesdal. Høgst når fjella i nordaust med Sæbyggjenuten (1507 meter over havet) på grensa til Tokke kommune i Telemark. I nordvest ligg Kaldefjellet (1452 meter over havet) på grensa til Suldal kommune i Rogaland.

Mellom kysten og høgfjellsområda er landskapet i Agder prega av ei rekke markerte dalføre, hovudsakleg nord-sørgåande, med skogkledde heiområde mellom. Desse er særleg markerte i dei sentrale og vestlige delane av fylket. Mest markert er Setesdal med Otra og vidare vestover: Mandalen, Kvinesdalen, Lyngdalen og Sirdalen. Aust i fylket er landskapet meir uoversiktlig, og dei lengste vassdraga her er Arendalsvassdraget og Tovdalsvassdraget som har munning i høvesvis Arendal og Kristiansand.

Berggrunnen i Agder er dekt av forholdsvis sparsame lausmassar, stort sett avgrensa til sprekkar og smådalar i aust. I dei noko breiare dalane sentralt og vest i fylket er det noko større område med lausavsetjingar, men i fylket som heile er likevel berre 2,2 prosent av totalarealet dyrka jord. Agder har mange, men for det meste korte fjordar.

Høgdeforskjellane i kyststrøka er størst vest for Lindesnes, og her er fjordane noko lengre enn i aust. Lengst vest, vest for Hidra, er kysten mindre innskoren, og her er han, som utanfor Lindesnes og Lista, utan skjergard. Fleire av sjøane i nedre del av hovuddalføra frå Nidelva og vestover er demde opp av ein morene avsett under eit opphald i tilbaketrekkinga av isen etter siste istid. Denne morenen kryssar dei nord–sørgåande dalane i området.

Den marine grensa, som ligg på rundt 100 meter over havet lengst aust i fylket, fell jamt til 80 meter i Tvedestrand, 50 meter i Grovane nord for Kristiansand og 40 meter lengst i sørvest. I den yttarste, låge delen av Lista-halvøya ligg den marine grensa mindre enn ti meter over dagens havnivå.

Skoggrensa i Agder når opp i 700–900 meter over havet i aust og 400–500 meter i vest. Barskoggrensa ligg rundt 100 meter lågare enn dette. Dei skiftande geologiske og topografiske tilhøva er synlege som sterkt blanda skogtypar med innslag nesten alle treslaga som finst i Noreg. Ved kysten er det varmekjær lauvskog med eit sterkt innslag av eik. Av den produktive skogen i Agder er furu viktigaste treslag. I dei lågareliggande strøka dominerer likevel gran, særleg i dei austre dalføra.[1]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Gard på Eppeland i Åmli kommune
Henning Olsen-fabrikken i Kristiansand
Tonstad kraftverk
Frå Kristiansand Dyrepark, inngangen til Kaptein Sabeltanns verden
Lindesnes fyr

I Agder set eit kupert terreng med små samanhengande område med lausmassar avgrensingar for jordbruket som eit gunstig klima ikkje kan kompensere for. Hovudvekta av jordbruket i fylket ligg på eit allsidig husdyrhald, med ei særleg vekt på mjølkeproduksjon og sauehald, vesentleg i dei vestre og indre bygdene. Gjennomsnittleg bruksstørrelse ligg under landsgjennomsnittet. Jordbruket er relativt sett viktigast i indre strøk, men dei viktigaste jordbruksareala i fylket finst i dei nedre delane av dei nord-sørgåande dalane, på Lista og i kyststrøka i aust der dei klimatiske tilhøva har gjort det mogeleg å drive ein allsidig planteproduksjon med eit monaleg innslag av hagebruk, særleg grønsaker og bær.

Skogbruk[endre | endre wikiteksten]

Det meste av skogen finst i dei nedre dalane og i heiane mellom desse. Nærmare kysten minkar skoggrensa, og lengst i sør er det sparsamt med skog. Skogarealet i Agder utgjer 8527 kvadratkilometer eller 52 prosent av totalarealet i fylket per 2018. Av skogarealet er 70 prosent produktiv skog. I 2017 var skogsavverkinga for sal 681 364 kubikkmeter eller 6,0 prosent av den samla avverkinga i Noreg. I Agder er det framleis relativt vanleg at jord- og skogbruk er drive i kombinasjon.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fisket er hovudsakleg drive til havs etter torsk og liknande arter og makrell som utgjorde dei viktigaste fangstslaga. Ein monaleg del av fangsten er ført i land utanfor fylket. I 2017 gjaldt dette omkring ein tredel av førstehandsverdien på den samla fangsten til Agder-fiskarane. I Agder blei det 2017 ilandført fangstar på i alt 5764 tonn til ein førstehandsverdi på 279 millionar kroner. Av det som er ført i land i fylket, dominerer skaldyrfangsten. I 2017 utgjorde han 68 prosent av samla fangstverdi. Havbruk er ei næring i vekst, særleg i dei vestre delane av fylket. Dette er mellom anna reflektert i at det frå 2019 er oppretta et tilbod i «Blått naturbruk» ved Flekkefjord videregående skole med fokus på mellom anna akvakultur.

Industri og bergverk[endre | endre wikiteksten]

Agder er nummer ni av landets elleve fylke etter industrisysselsettinga; i 2017 har berre Troms og Finnmark og Oslo ei lågare sysselsetting i denne næringa. Sjølv om industrien i Agder er relativt låg i norsk målestokk, er han likevel viktig innanfor enkeltbransjar. Dei viktigaste industribransjane i fylket er verkstadindustrien (metallvarer, maskiner, elektrisk materiell og transportmiddel), med i alt 44 prosent av sysselsettinga i industri (2017), derav produksjon av maskiner og utstyr/maskinreparasjonar og -installasjonar har 26 prosent åleine. Dei viktigaste av dei andre bransjane er i 2017: trelast-/trevareindustri (13 prosent), næringsmiddelindustri (12 prosent), primær jern- og metallindustri (ti prosent) og gummi-, plast- og mineralsk industri (sju prosent).

Industrien er for ein stor del konsentrert til tettstadene langs kysten, i tillegg til Vennesla, Lyngdal og Kvinesdal. Særleg Kristiansandsområdet dominerer, med heile 43 prosent av den industrielle sysselsettinga i Agder i 2017. Kystkommunane i den austlege delen av fylket (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad og Lillesand) hadde til saman 21 prosent av industrisysselsettinga i fylket det året.

Energi[endre | endre wikiteksten]

Energi Agder har ein samla vassenergiproduksjon på 14 873 gigawattimar (GWh) og står med det for 11,0 prosent av norsk produksjon av vassenergi målt som gjennomsnittleg årsproduksjon (2019). Vassdraga Sira og Kvina (Sira-Kvina-utbygginga) i vest og Otra sentralt i fylket står for ein dominerande del av vassenergiproduksjonen i fylket, med høvesvis 44 og 29 prosent av den gjennomsnittlege årsproduksjonen av vassenergi i fylket (2019). Tonstad kraftverk i Sirdal er det største vassenergiverket i Noreg målt etter gjennomsnittleg årsproduksjon (4357 GWh).

Agder har per 2019 to vindenergianlegg i drift, Lindesnes og Lista vindparkar. Dei har ein samla installasjon på 78,5 megawatt og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 246 GWh, noko som utgjer 4,5 prosent av samla vindkraftproduksjon i Noreg. Elektrisitetsforsyninga i fylket overført gjennom eit distribusjonsnett som er eigd av Agder Energi AS. Overføringsnettet og hovudfordelingsnettet i fylket er eigd av Statnett SF og Agder Energi.

Tenesteytande næringar[endre | endre wikiteksten]

Turisme er ei viktig næring i Agder. Fylket har ei stor tilstrøyming av turistar til kystområda i sommarhalvåret, og etter kvart er det òg blitt atskilleg vinterturisme i fylket, særleg nord i Setesdal (Hovden), i Sirdal, øvst i Kvinesdal (Knaben) og i Åseral. Framleis er likevel Agder sommarferiefylket framføre noko. Skjergarden i Agder er tettbygd med hytter og ferieanlegg, og også i fjellområda er det bygd ut hytteområde og anlegg som alpinanlegg og turløyper som gjev vinterturistane eit variert tilbod. I fleire kommunar har ein på grunn av den auka turiststraumen måtte treffe tiltak for å avgrense hyttebygginga.

Nokre viktige turistattraksjonar i fylket er Merdøgaard Skjærgårdsmuseum, Knut Hamsun-heimen Nørholm ved Grimstad, Næs Jernverksmuseum i Holt ved Tvedestrand, Sørlandsparken og Kristiansand Dyrepark med mellom anna Kardemomme by, Vest-Agdermuseet og Aust-Agdermuseet i høvesvis Kristiansand og Arendal, begge med 11 avdelingar rundt om i dei respektive fylka, fyra på Lista og Lindesnes, dei gamle bygningsmiljøa i Loshavn i Farsund og Svinør i Lindesnes, dei nedlagde gruvene i Knaben i Kvinesdal og det særs godt bevarte bygningsmiljøet i Lyngør.[1]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kristiansand lufthamn, Kjevik

Europaveg 18 og Europaveg 39 går gjennom fylket like innanfor kysten, E18 austanfor og E39 vestanfor for Kristiansand. Strekninga passerer alle dei større tettstadene i fylket, utanom Farsund og Vennesla. E39 går frå E45 i Aalborg via ferja Hirtshals–Kristiansand og kysten nordover heilt til E6 på Klett like sør for Trondheim.

I nord går fylkesveg 42 Arendal–Egersund gjennom Agder, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riks- og fylkesvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda. Viktigast i så måte er Setesdalsvegen (riksveg 9 Kristiansand–Haukeligrend) og riksveg 41 gjennom dei indre skogbygdene i fylket (Kristiansand–Birkeland–Treungen–Brunkeberg) som begge forbind E18/E39 med E134 over Haukeli. Om sommaren er Suleskarvegen open gjennom fylket, som går nord for fylkesveg 42 og representerer det kortaste vegsambandet mellom Oslo og Stavanger.

Sørlandsbanen går aust–vest gjennom Agder eit stykke innanfor kysten. Det er ei rekke lange tunnelar mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna Noregs fjerde og femte lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen på 9065 meter og Hægebostadtunnelen på 8474 meter.

Det er fast rutefart på kysten til og frå hamnene i tettstadene i fylket (Arendal, Grimstad, Lillesand, Kristiansand, Mandal, Lyngdal, Farsund, Kvinesdal og Flekkefjord). Det er òg rutefart mellom dei største av desse hamnene og utlandet. Kristiansand er den dominerande hamnebyen og den einaste med fast ferjetransport til kontinentet (Kristiansand–Hirtshals).

Den einaste stamflyplassen i fylket er Kristiansand lufthamn, Kjevik. Flyplassen har fast bussamband også med Lillesand, Grimstad og Arendal. Han har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Farsund lufthamn, Lista har ikkje regulær rutetrafikk, berre charter- og godstrafikk.[1]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

I samband med Regionreforma blei kommunetalet i Agder redusert med fem til 25 kommunar. Heile denne reduksjonen skjedde i det tidlegare Vest-Agder. Fylkesmannen i Agder og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet er lokalisert til Arendal, medan administrasjonen for Agder fylkeskommune ligg i Kristiansand.

Agder omfattar sju prosti i Den Norske Kyrkja og høyrer under Agder og Telemark bispedømme. Prostia er, rekna frå aust: Aust-Nedenes, Arendal, Vest-Nedenes, Otredal, Kristiansand (domprosti), Mandal og Lister. Desse prostia har til saman 74 sokn.

Agder er delt inn i tre tingrettsdistrikt (med tilhøyrande kommunar i parentes): Aust-Agder (Grimstad, Arendal, Froland, Åmli, Tvedestrand, Vegårshei, Risør og Gjerstad), Kristiansand (forutan Kristiansand alle dei fem kommunane i Setesdal, i tillegg til Birkenes, Lillesand, Vennesla, Lindesnes og Åseral) og Lister (Farsund, Hægebostad, Flekkefjord, Kvinesdal og Lyngdal). Sirdal kommune høyrer til Dalane tingrett i Egersund. Heile fylket høyrer til Agder politidistrikt med unntak av Sirdal som høyrer til Sør-Vest politidistrikt med hovudsete i Stavanger. Agder politidistrikt har 11 lensmannskontor og fire politistasjonar fordelt på tre geografiske driftseiningar.[1]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Agder fylke har 25 kommunar. Alle kommunane i dei tidlegare fylka Aust- og Vest-Agder fekk nye kommunenummer frå 1. januar 2020. Fylkesnummeret til Agder fylke er 42.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
4201 Risør kommune Risør Risør 000000000006882.00000000006 882 000000000000193.0000000000193 nøytral
4202 Grimstad kommune Grimstad Grimstad 000000000023017.000000000023 017 000000000000304.0000000000304 bokmål
4203 Arendal kommune Arendal Arendal 000000000044645.000000000044 645 000000000000304.0000000000304 bokmål
4204 Kristiansand kommune Kristiansand Kristiansand 000000000109438.0000000000109 438 000000000000643.0000000000643 bokmål
4205 Lindesnes kommune Lindesnes Mandal 000000000022905.000000000022 905 000000000000935.0000000000935 nøytral
4206 Farsund kommune Farsund Farsund 000000000004648.00000000004 648 000000000000685.0000000000685 nøytral
4207 Flekkefjord kommune Flekkefjord Flekkefjord 000000000004962.00000000004 962 000000000000241.0000000000241 bokmål
4211 Gjerstad kommune Gjerstad Gjerstad 000000000002467.00000000002 467 000000000000322.0000000000322 nøytral
4212 Vegårshei kommune Vegårshei Myra 000000000002087.00000000002 087 000000000000356.0000000000356 nøytral
4213 Tvedestrand kommune Tvedestrand Tvedestrand 000000000006086.00000000006 086 000000000000218.0000000000218 bokmål
4214 Froland kommune Froland Blakstad 000000000005790.00000000005 790 000000000000645.0000000000645 nøytral
4215 Lillesand kommune Lillesand Lillesand 000000000010871.000000000010 871 000000000000190.0000000000190 bokmål
4216 Birkenes kommune Birkenes Birkeland 000000000005187.00000000005 187 000000000000674.0000000000674 nøytral
4217 Åmli kommune Åmli Åmli 000000000001845.00000000001 845 000000000001131.00000000001 131 nøytral
4218 Iveland kommune Iveland Birketveit 000000000001330.00000000001 330 000000000000262.0000000000262 nøytral
4219 Evje og Hornnes kommune Evje og Hornnes Evje 000000000003625.00000000003 625 000000000000550.0000000000550 nøytral
4220 Bygland kommune Bygland Bygland 000000000001207.00000000001 207 000000000001312.00000000001 312 nynorsk
4221 Valle kommune Valle Valle 000000000001225.00000000001 225 000000000001265.00000000001 265 nynorsk
4222 Bykle kommune Bykle Bykle 000000000000958.0000000000958 000000000001467.00000000001 467 nynorsk
4223 Vennesla kommune Vennesla Vennesla 000000000014532.000000000014 532 000000000000384.0000000000384 nøytral
4224 Åseral kommune Åseral Kyrkjebygd 000000000000943.0000000000943 000000000000888.0000000000888 nynorsk
4225 Lyngdal kommune Lyngdal Lyngdal 000000000010357.000000000010 357 000000000000224.0000000000224 bokmål
4226 Hægebostad kommune Hægebostad Tingvatn 000000000001699.00000000001 699 000000000000462.0000000000462 nynorsk
4227 Kvinesdal kommune Kvinesdal Liknes 000000000006024.00000000006 024 000000000000963.0000000000963 nøytral
4228 Sirdal kommune Sirdal Tonstad 000000000001842.00000000001 842 000000000001555.00000000001 555 nøytral
Totalt Agder Agder Kristiansand 000000000303754.0000000000303 754 000000000016434.000000000016 434

Kultur og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Universitetet i Agder

Agder har eit godt utbygd vidaregåande skuleverk med i alt 18 fylkeskommunale og åtte private vidaregåande skular fordelt på 14 av dei 25 kommunane i fylket (skuleåret 2018/19). Fylket har dessutan åtte folkehøgskular. Av andre skuletilbod i Agder finst Luftforsvarets skolesenter på Kjevik.

Universitetet i Agder blei formelt opna i 2007. Hovudadministrasjonen ligg på Gimlemoen i Kristiansand. Verksemda ved universitetet er samla på to større område, i høvesvis Kristiansand (Gimlemoen) og Grimstad (Teknologisenteret). Det er oppretta fem fakultet for høvesvis helse- og idrettsvitskap, humaniora og pedagogikk, samfunnsvitskap, teknologi og realfag og kunstfag, i tillegg til ein handelshøgskule og ei avdeling for lærarutdanning.

Telenor har hovudkontor for sine sju kompetansesenter i Grimstad. I Flødevigen på Hisøy i Arendal ligg Statens marinbiologiske forsøksstasjon. Sørlandet Sykehus HF har sjukehus i Kristiansand, Arendal og Flekkefjord.

I fylket kjem i alt 15 aviser ut (2018), dei fleste små med eit avgrensa nedslagsfelt. Dei største dagsavisene er Fædrelandsvennen (Kristiansand) og Agderposten (Arendal); Fædrelandsvennen har aukande utbreiing som avis for heile landsdelen.

NRK har distriktskontor i Kristiansand. Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand huser Agder Teater, Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør.[1]

Landsdel[endre | endre wikiteksten]

Før fylkessamanslåinga i 2020, har Agder vore rekna ein landsdel i Noreg som omfattar Aust-Agder fylke og Vest-Agder fylke, òg kalla Agderfylka. Etter kvart har nemninga Sørlandet vorte teke i bruk på denne landsdelen. Agder var eigentleg eit småkongedøme (Agðir) og seinare eit fylke (Egða fylki) under Gulatingslova.

Folket på Agder blir kalla egdene (aust-egdene og vest-egdene). Merk at ein seier «på Agder» og ikkje «i Agder».

Omgrepet Agder er historisk mest bruka om kyststripa, til skilnad frå innlandsområda Råbyggelag (med Setesdal).

Tidlegare blei området rekna som ein del av Vestlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Agder». Store norske leksikon. 7. november 2019. Henta 13. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Agder fylke