Aglaspidida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aglaspidida
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Artiopoda
Overklasse: Vicissicaudata
Orden: Aglaspidida
Walcott, 1912

Aglaspidida eller basal arthropodgruppe er eit utdøydd leddyr frå nedre kambrium til slutten av ordovicium. Dei likna ein del på moderne dolkhalar, og var derfor tidlegare rekna som forfedre til sjøskorpionar og dolkhalar, men dei er i dag rekna å vere nærare i slekt med trilobittane.

Dyret hadde ei lengd på 5–15 cm. Kroppen var delt i hovud-bryst og bakkropp. Bakarst på bakkroppen var det ein lang brodd. Hovud-bryststykket hadde eit par fasettaugo og seks par ledda vedheng (eit par chelicerer og fem par gangbein).

Dei er ikkje funne i Noreg, men eksemplar av arten Paleomerus hamiltoni er funne i underkambriske lag på Kinnekulle i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aglaspidida